Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike smarthussystemer

Kva typar styringssystem for smarthus finst på marknaden, og kva for eit system bør du tilrå kundane dine?
Smarthus med kontrollpanel på TV plassert i skap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst sjølvsagt ikkje noko generelt svar på spørsmålet i ingressen. Som alltid kjem dette an på kva ønske og behov kunden har, og på føresetnadene i det eksisterande elektriske anlegget.

For å gjere det heile litt enklare kan vi i grove trekk likevel seie at det finst to hovudtypar smarthusløysingar på marknaden:

  • Kabla system. Desse eignar seg for kundar som skal ha heilt nytt elektrisk anlegg i nybygg, eller som totalrenoverer eit eksisterande anlegg.
  • Trådlause system. Desse eignar seg for kundar som ønskjer å oppgradere eller gjere mindre oppussingar på eit allereie eksisterande elektrisk system, og som ikkje ønskjer å gjere større inngrep som å rive veggplater eller liknande.

Kabla system

I kabla anlegg blir det gjerne etablert ein sentral eller server i eit eige teknisk rom, gjerne i samband med fordelingsskapet. Det blir lagt opp kursar til energiuttak (stikkontaktar, lys, varme) på vanleg måte, men alle blir førte tilbake til utgangar på sentralen i staden for å vere direkte påkopla lokale brytarar.

I staden for at ein bruker vanlege brytarar, blir smartbrytarar og sensorar kopla på elektronisk lågspente signalkablar, som eit bus-nettverk, og det blir etablert moglegheit for fjernstyring gjennom beteningspanel og andre smarteiningar, til dømes smarttelefon eller nettbrett.

Kontrollsystem til KNX-smarthus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Også alarmanlegget til kunden (brann/røyk/tilgjenge/overvaking etc.), multimediesystem og i prinsippet alt som kan tenkjast av elektrisk og elektronisk utstyr, blir kopla til og betent av same sentral.

Slike anlegg er driftssikre, og det er liten fare for at uvedkomande kan kople seg til. Det er òg store moglegheiter for avansert automatisering og regulering gjennom den programmerbare sentralen. Vanlegvis programmerer ein inn «scenario», til dømes korleis heile huset skal oppføre seg om morgonen, mens ein er på jobb, om ettermiddagen, om kvelden eller om natta. Dette sparer energi og er sikkert, og det blir tilrådd av både brannvesenet og forsikringsselskap.

Brytar i styreskap i kabla smarthus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulempa er at slike system er kostnadskrevjande å etablere, og dei er vanskelege eller umoglege å få til i allereie etablerte elektriske installasjonar. På den andre sida meiner produsentar at kostnaden ved å installere eit smarthus berre er mellom 10 og 15 prosent høgare enn kostnaden ved ein tradisjonell elektrisk nyinstallasjon.


Trådlause system

Dei trådlause smarthussystema gir mange av dei same moglegheitene som eit kabla system, men her koplar ein seg som regel på eit allereie eksisterande elektrisk anlegg, og det blir ikkje etablert nokon eigen sentral eller server i eit teknisk rom.

Mobiltelefon med kontrollsystem for smarthus. TV i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I staden blir det installert trådlause, batteridrivne smartbrytarar og sensorar som styrer eller regulerer fjernstyrte brytarar som blir kopla til utstyr som skal kontrollerast, om det så gjeld lys, varme eller andre ting. Dette gir stor fridom, og dei trådlause einingane kan plasserast akkurat der ein vil, uavhengig av koplingspunkt til det elektriske anlegget, så lenge signalstyrken er god nok. Det er òg svært enkelt til kvar tid å utvide trådlause anlegg med fleire komponentar.

Moglege ulemper med trådlause anlegg kan vere at enkelte typar bygningsmasse, til dømes betong, kan gi utfordringar ved overføring av trådlause signal. Trådlause signal er òg utsette for støy og forstyrringar. Sidan mange av komponentane er batteridrivne, må ein òg rekne med litt ekstra vedlikehaldsarbeid i form av skifting av batteri. På den andre sida byrjar levetida for dei fleste smarthuskomponentar å bli svært god. Mange leverandørar garanterer i dag opptil fem års drift utan at ein treng byte batteri.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2020

Læringsressursar

Smarthusstyring