Hopp til innhald

Fagstoff

Dette er smarthus

Smarthusløysingar er veldig i vinden og noko mange kundar ønskjer i dag. Men kva er eigentleg smarthus, og kva er fordelen med å investere i denne typen teknologi?
Smarthus. Kontrollpanel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er smarthus?

Det finst i dag ei rekkje variantar og grader av smarthusløysingar frå ei lang rekkje produsentar. Det dei alle har felles, er ein ambisjon om å kople saman alt eller delar av det du har av elektrisk og elektronisk utstyr i heimen, til eitt felles kontrollsystem. På denne måten kan til dømes lys, varme, tilgangskontroll, stereoanlegg, støvsuging, solskjerming, ventilasjon eller kjøkkenapparat bli kontrollerte og automatiserte frå éin felles sentral, og det kan fjernstyrast frå eit beteningspanel eller frå mobiltelefonen din.

Her kan det med andre ord vere snakk om alt frå ein enkelt fjernstyrt robotstøvsugar, éin termostat eller eitt stikkontaktuttak til ein varmeomn, til komplette og kompliserte system som koplar saman alt du har av elektrisk utstyr og elektronikk, i éin felles sentral.

Kvifor smarthus?

Kvifor skal ein så tilrå kundar å investere i slike meir eller mindre kostbare system? Jo, det finst det ei rekkje gode grunnar til.

  • Økonomi og miljø. Ved å automatisere særleg varmereguleringa i ein bustad er det mogleg å redusere energiforbruket betydeleg. Lågare energiforbruk er bra både for lommeboka til kunden og for miljøet. Med nye digitale straummålarar er det òg mogleg å leggje svært energikrevjande forbruk, som lading av elbilar, til tider på døgnet då straumforbruket er lågt og kostnadene mindre. Dersom bustaden er heilautomatisert, kan ein òg forvente at det gir økonomisk utteljing når ein til dømes skal selje han.
Person kontrollerer smarthus frå nettbrett. Foto.
  • Komfort. I staden for at du støvsyg sjølv, kvifor lèt du ikkje robotstøvsugaren automatisk køyre runden sin mens du sjølv er på jobb? I staden for at du tek kveldsrunden for å skru av lys og omnar før du legg deg, kvifor ikkje berre gi ei talemelding om å aktivere nattmodus for all belysning og varme i huset? I staden for at du dreg heim frå jobb for å låse inn eit barn som gløymde nøkkelen då han eller ho gjekk til skulen, kvifor ikkje sleppe inn barnet gjennom eitt trykk i ein mobilapp med eit smartlåssystem? Moglegheitene er uendelege for den som er makeleg anlagt.
Hotelldør med kortlås. Foto.
  • Tryggleik. Med smarthussystem kan du enkelt integrere både inngangskontroll, innbrotsalarmar og brann- og røykovervaking i anlegget ditt. Då får du òg fort beskjed, rett til telefonen din, om noko skulle skje i bustaden din medan du er på jobb eller har reist bort på ferie.
  • Velferdsteknologi. Med smarthus kan du enkelt integrere velferdsteknologi, slik at bustaden din får god livsløpsstandard. Til dømes kan du integrere løysingar frå hjelpemiddelsentralen eller tidsstyre utstyr på kjøkkenet slik at det ikkje er fare for at du gløymer å skru det av. Ein kan òg integrere løysingar som kan hjelpe både synshemma, høyrslehemma og bevegelseshemma til ein enklare kvardag.
  • Det er gøy! Det er artig med teknologi – det er morosamt å be lydanlegget ditt spele favorittsongen din mens du er i dusjen, og å endre lysfarge og -styrke gjennom ein app.
CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Smarthusstyring