Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Praktisk oppgåve – smarthus

I dette læringsoppdraget skal du planleggje, utføre og gjennomføre sluttkontroll av installasjon av ei valfri smarthusløysing. Du skal òg utarbeide aktuell anleggsdokumentasjon.

Planlegging

Ein kunde tek kontakt og seier at ho kanskje vurderer å gå over til ei form for smarthusteknologi i einebustaden sin. Ho har eit eldre, men greitt fungerande elektrisk anlegg i huset frå før og er skeptisk til å setje i gang omfattande rehabiliteringsarbeid.

Elles opplyser kunden at ho ønskjer ei form for talestyring for både musikkanlegg og lys, og at ho gjerne vil kunne økonomisere oppvarminga så mykje som mogleg. Til oppvarming bruker kunden stort sett panelomnar i dag, men har varmekablar på badet og i gangen.

I huset har kunden i dag enkeltståande røykvarslarar og ikkje noka form for innbrotsalarm.

  1. Foreslå minst to løysingar for kunden, og planlegg kva du treng av materiell, utstyr og verktøy. Vurder kva som er mogleg å få til med det elektriske anlegget og utstyret kunden allereie har, eller kom med tilrådingar til større utbetringar.
  2. Lag installasjonsteikning og koplingsskjema. Her kan du gjerne ta utgangspunkt i det som finst av smarthusutstyr på skulen din (og late som om kunden er interessert i akkurat denne løysinga). Om de ikkje har smarthusutstyr på skulen, kan du bruke stoff på internett og fagartiklane om smarthus her på NDLA til å foreslå ei valfri løysing.
  3. Gjer ei risikovurdering for arbeidet.

Relatert innhald

Fagstoff
Ulike smarthussystemer

Kva typar styringssystem for smarthus finst på marknaden, og kva passar best for ulike typar kundar?

Praktisk utføring

  1. Kople opp installasjonen din slik du har planlagt han.

Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje normer og forskrifter og manualar til utstyret du skal bruke.

Relatert innhald

Test og sluttkontroll

Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og for den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.

Relatert innhald

Fagstoff
Sluttkontroll

Her er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.

Dokumentasjon

Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med følgjande:

  1. kursoversikt
  2. installasjonsteikning
  3. koplingsskjema
  4. dokumentasjon av kabel og vern
  5. materialliste
  6. samsvarserklæring