Hopp til innhald

Fagstoff

Er smarthus sikre?

Er smarthus sikre? Som alt anna utstyr som er tilkopla internett, eller som kommuniserer over trådlause nettverk, er òg smarthussystem utsette for hacking og datainnbrot.
Ein ung gut sit i eit dunkelt opplyst rom framfor ei rekkje dataskjermar, der det tilsynelatande er hacking på gang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar

Det er ikkje til å kome unna at smarthus gir nokre sikkerheitsutfordringar når det gjeld personvern og datasikkerheit. I denne artikkelen skal vi sjå litt på nokre av dei.

Hacking

Som med alle andre datanettverk er det fare for datainnbrot i smarthussystem. I verste fall kan framande få innsyn i overvakingssystema dine, kople ut innbrotsalarmen din og fjernopne smartlåsane dine i skikkeleg Mission: Impossible-stil. Andre skrekkscenario kan vere at uvedkomande får tak i sensitiv personleg informasjon og kanskje til og med stel identiteten din.

Undersøkingar viser at fleire er skeptiske til å installere smarthusteknologi. Folk er blant anna redde for datainnbrot og hacking, at kriminelle skal utnytte teknologien, og at anlegget skal bli ramma av datavirus. Mange misliker òg kjensla av å vere konstant overvakt av sitt eige system og tanken på at smarthuset veit «alt om deg».

Teknologirådet meiner smarthus kan vere sårbare, men samstundes blir det for tida forska aktivt i både Europa og resten av verda på korleis ein kan gjere dei digitale heimane endå tryggare.

Seriøse leverandørar tek som regel sikkerheit på alvor. For å verne mot datainnbrot tilbyr dei utstyr og komponentar som krypterer all kommunikasjon, og som gir sikker tilkopling frå internett (HTTPS-teknologi). Fleire leverandørar tilrår òg, så langt det lar seg gjere, kabla løysingar for hovudstrukturen i smarthussystemet, sidan desse er meir robuste, driftssikre og mindre utsette for dataangrep.

Kryptering

Ein raud KNX-modul som krypterer informasjon og gir sikker tilgang til nettet utanfrå. Foto.

I nokre system finst det eigne komponentar som krypterer all kommunikasjon, og som gir høve for sikker tilkopling til smarthusnettverket utanfrå. Eit døme kan du sjå i biletet til høgre her: I KNX-system kan ein ha eigne komponentar i det tekniske skåpet som vernar anlegget mot datainnbrot.

Fordelar

Sjølv om det, slik vi har sett, er nokre eigne risikomoment ved å installere smarthus, er det òg ein god del fordelar ved det, som ein ikkje har i tradisjonelle elektriske installasjonar.

Elsikkerheit

Når det gjeld elsikkerheit, blir moderne smarthusanlegg rekna som tryggare enn tradisjonelle elektriske anlegg. Ein fordel med å ha smarte komponentar kopla til nettverket er til dømes at det gir høve til å verne det elektriske anlegget på heilt nye måtar. Komponentar kan vere følgje med på temperaturen og kan kople ut kursar om dei registrerer ein uventa temperaturauke, til dømes på grunn av feilstraumar. Dette senkar risikoen for varmgang og brann i det elektriske anlegget.

Har du integrert brannalarm i systemet ditt, vil denne òg kunne kople av straumforsyninga til utsett elektrisk utstyr som vaskemaskinar og komfyrar dersom brannalarmen går, og sjølvsagt varsle både brannvesen og huseigar på telefon.

Andre sikkerheitsmoment

Innbrotsalarmen din vil i tillegg til å gi lydalarm kunne skru på lys, opne persienner og gi beskjed til både alarmsentralen og huseigaren dersom han registrerer rørsle i huset når du er registrert som borte. Dette er tilgjengeleg i dei fleste sjølvstendige moderne alarmanlegg, men kan òg lett integrerast i smarthusløysinga di.

Om du har spesielle omsorgsbehov, kan alarmsentralen din til dømes gi beskjed til helsetenesta om smartklokka di registrerer at du fell. Moglegheitene innan velferdsteknologi er med andre ord òg store. Då står det berre att å overtyde bestemor om at smarthus er vegen å gå for henne.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2020

Læringsressursar

Smarthusstyring