Hopp til innhald

Fagstoff

Teknologiar og ulike protokollar

Det finst ei rekkje ulike teknologiar i smarthussystem, både trådførte og trådlause. Her får du ein kort introduksjon til nokre av dei.
Nærbilete av ein mobiltelefon. På skjermen ser vi ein app som styrer ulike smarthusfunksjonar, og i bakgrunnen ser vi ein TV på ein moderne TV-benk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kabla teknologiar

Grøn KNX-BUS-kabel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

KNX (Konnex)

Den mest utbreidde kabla standarden for smarthussystem i Noreg er nok KNX. Det er ein internasjonal, open standard for heimeautomatisering, som blir brukt i både Europa, Kina og USA. Meir enn 400 produsentar frå heile verda leverer løysingar baserte på KNX-standarden.

Vi ser ein kvit vegg med brytarar med symbol og LED-indikatorar. Brytarane kan styre oppvarming, persienner og lys. I bakgrunnen ser vi ein pult og ein kontorstol. Foto.

Sjølv om KNX må installerast og programmerast av fagpersonell, er systemet veldig fleksibelt. Ein kan variere mellom stjernetopologi, tretopologi og lineær topologi i ulike delar av installasjonen, og alt kan koplast inn på den same KNX-BUS-linja.

Alle einingane i systemet kan kommunisere med kvarandre, og heile installasjonen kan styrast frå éin stad, som regel frå eitt eller fleire kontrollpanel i huset eller gjennom ein app på mobil eller nettbrett.




Trådlause teknologiar

Dei fleste som installerer trådlause smarthussystem, nyttar ei form for maskenettverk (mesh network), det vil seie eit system av fleire ruterar som er krysskopla med kvarandre, og som automatisk finn den beste vegen for å sikre god flyt av data.

Nokre løysingar bruker standard wifi som protokoll, og då kan ein velje mellom mange ulike maskenettverksløysingar som Google Wifi, TP-link, Netgear eller andre leverandørar.

Fjernstyrt stikkontakt i form av ein kvit, avlang boks som skal setjast inn i stikkontakten. Produktfoto.
Smartpære frå IKEA. Foto.

Det er mange produsentar som produserer løysingar som kan brukast med slike opne og vanlege protokollar som dei fleste allereie har installert i heimen. Google Home, Amazon Alexa, IKEA Home Smart og Apple HomeKit er nokre veldig kjende løysingar for dette.

Nokre av desse løysingane kombinerer wifi og Bluetooth og er samstundes kompatible med spesielt utvikla protokollar for heimeautomasjon. Døme på slike er ZigBee, Z-Wave eller xComfort. Vidare skal vi sjå litt nærmare på desse.

ZigBee

ZigBee er ein type maskenettverk som køyrer på 2,4 GHz, altså same frekvensen som mange wifi-nettverk. Med trådlause nettverk er hovudregelen at høgare frekvens gir høve til å overføre større datamengder, men også kortare rekkjevidd. Dette gjer at avstanden frå ruteren til utstyret ikkje bør vere meir enn ti–tretti meter, avhengig av forstyrringar og bygningskonstruksjon. I Zigbee-nettverk kan du kople saman så mange einingar du berre vil.

ZigBee er ein open standard som kan nyttast fritt av alle som produserer smarthusløysingar. Frå kjende leverandørar kan vi til dømes nemne Philips Hue, Apple, IKEA, Google, ELKO og Amazon. ZigBee bruker dessutan veldig lite energi og gir god levetid til batteridrive utsyr.

Z-Wave

Z-Wave skil seg frå ZigBee på fleire område. Det er til dømes ikkje ein open standard, sjølv om alle Z-Wave-produkt frå ulike leverandørar skal kunne fungere saman. Z-Wave køyrer på lågare frekvens, noko som gir betre rekkjevidd. Til gjengjeld har systemet ei avgrensing på maks 232 einingar.

Dei fleste meiner at Z-Wave er enklare å setje opp og bruke, men det kostar gjerne òg litt meir enn utstyr som bruker ZigBee. Nokre kjende leverandørar som bruker Z-Wave-standarden, er til dømes Fibaro og Namron.

xComfort

xComfort er ei komplett trådlaus løysing frå Eaton, som også køyrer på eit lukka, lågare frekvensband, det same som Z-Wave. xComfort er ikkje ope, og det er berre Eaton som tilbyr xComfort-komponentar, i motsetning til Z-Wave, der fleire produsentar lagar løysingar basert på Z-Wave-protokollen. Dette gir litt mindre valmoglegheiter, og høgare pris, men samstundes er det kanskje eit av dei enklaste smarthussystema å setje opp.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Smarthusstyring