Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til oppsett av radiolinkar

Meir og meir datakommunikasjon skjer via trådlause nettverk. Viss det er lange avstandar, viss sendar-/mottakarforholda er dårlege, eller viss mange bruker dei same frekvensane, kan det vere utfordrande å setje opp stabile og gode trådlause radiolinkar.
Teikning med mange element knytte til trådlause nettverk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Retningsantenner (directional antennas) og radioutstyr kan gi lang rekkjevidd. Men på dei opne frekvensane (2,4 GHz og 5 GHz) er det mange kjelder til forstyrringar og avgrensingar på sendestyrke. Dette gjer at det kan vere utfordrande å setje opp radiolinkar.

Ofte er antenne og sendar bygde saman i ei eining som berre treng ein nettverkskabel med straum og nettverk for å fungere. Ein slik radiolink-sendar kan som oftast konfigurerast ved hjelp av WebGUI mot IP-adressa til utstyret.

Bruk riktig utstyr til riktig jobb

Wi-Fi-forsterkarar er nyttige einingar som kan brukast til å utvide eit eksisterande trådlaust nettverk. Men dei bruker rundstrålande antenner (omnidirectional antennas) og har dermed kort rekkjevidd. Dei kan vere nyttige inne i eit hus, men ved lengre avstandar bør vi bruke betre og meir tilpassa utstyr. Utstyr til radiolinkar kostar frå litt under tusenlappen per sendar og antenne opp til mange titals tusen, avhengig av rekkjevidd og overføringskapasitet. Men for dei fleste kan utstyr til nokre få tusen kroner dekkje behovet.

Andres erfaringar kan vere gull verd

Med mindre du har erfaring med utstyret frå før, kan det vere utfordrande å finne riktig utstyr når du skal setje opp ein radiolink. Ei mogleg løysing er å bruke nettbaserte simuleringsverktøy. Eit døme på eit slikt verktøy er Link (Uqiquiti). Då kan du leggje inn plasseringa til radiolinken i eit kart og «teste» ulikt utstyr. Ei anna kjelde til informasjon er testar som andre har gjort og publisert på til dømes YouTube. Kanskje nokon har prøvd å setje opp det utstyret du har tenkt å bruke, på ein liknande måte tidlegare? Då kan erfaringane deira kome godt med.

Konfigurer utstyret før du monterer det opp ute

Ei mast med fire antenner med reflektor som peiker i forskjellige retningar. Foto.

For at ein radiolink skal fungere, må du konfigurere dei trådlause einingane. Den eine eininga skal fungere som aksesspunkt og den andre som klient. Viss du monterer utstyret før du konfigurerer, må du anten ha ein person ved kvar eining eller sjølv flytte deg mellom einingane og konfigurere inntil linken fungerer. Dette tek fort mykje tid. Og viss du er uheldig, må du kanskje fysisk tilbakestille utstyret til fabrikkinnstillingar.

Bruk faste IP-adresser

Å bruke dynamiske IP-adresser er ofte veldig praktisk, men du bør ikkje bruke det på infrastruktur som radiolinkar. Viss du bruker faste IP-adresser, er det nemleg lettare å konfigurere utstyret. Og viss radiolinken sluttar å fungere, vil utstyret som ikkje er på den sida av nettverket som har DHCP-servar, framleis ha ei IP-adresse. Datamaskinen som blir brukt til konfigurering, kan òg ha fast IP-adresse mens konfigureringa skjer.

Radiolinkar er infrastruktur og ikkje for sluttbrukarar

Klistremerke på dør med inngang forbode. Foto.

Det er som oftast ikkje noko som hindrar ein vanleg mobiltelefon eller datamaskin i å kople seg til aksesspunktet i ein radiolink. Men det er ikkje tilrådd, sidan kapasiteten då må delast mellom fleire einingar. Dette kan gi dårlegare hastigheit og meir pakketap. Vi bør derfor tenkje på radiolinkar som infrastruktur som vanlege brukarar ikkje skal kople seg til (trådlaust).

Bruk skjult SSID

Eit aksesspunkt med retningsantenne og synleg SSID vil vere søkbart og synleg for einingar på lang avstand. Men sjølv om andre einingar kan sjå nettverket, vil dei ikkje kunne kople seg til (sjølv om dei har WPA2-nøkkel). Dei rundstrålande antennene i telefonar og berbare datamaskinar er rett og slett for dårlege til at dei kan nå tilbake til aksesspunktet. Det kan òg vere forvirrande for brukarane. Derfor er det mykje meir praktisk å bruke skjult SSID på aksesspunktet. Ulempa er at du må leggje inn meir av aksesspunkt-informasjonen manuelt i sendaren.

Val av frekvens

Graf som viser sendestyrke på forskjellige frekvensar. Foto.

Dei opne Wi-Fi frekvensane blir brukte av mange, noko som medfører forstyrringar. Det er derfor viktig å bruke ein best mogleg frekvens. Dei fleste typar radiolink-utstyr har moglegheit for å skanne frekvensområda. Det kan gi eit godt inntrykk av kva frekvensar som er minst brukte. Ulempa er at situasjonen kan forandre seg. Det kan derfor også vere lurt å late aksesspunktet sjølv regulere frekvensen.

Kalibrere retninga på antennene

Retningsantenner er mest effektive viss dei peiker rett på kvarandre. Å justere antennene både horisontalt og vertikalt slik at dei peiker mest mogleg direkte på kvarandre, vil derfor gi best mogleg signal. Dei fleste leverandørar av radiolink-utstyr tilbyr verktøy for retningskalibrering i webgrensesnittet til radioutstyret.

Val av bandbreidd

I dei opne frekvensområda er det ei øvre grense for sendestyrke. Bruker vi gode retningsantenner, blir sendestyrken fokusert i éi retning. Dette hjelper mykje, men spesielt på lange radiolinkar kan signalet bli for svakt. Då kan vi i staden redusere tal frekvensar det blir sendt på, til dømes frå 20 MHz ned til 10 eller 5 MHz. Dette gir meir sendestyrke på nokre få frekvensar. Ulempa er at mengda data som kan sendast per sekund, går ned. Men dette er betre enn auka forseinking på grunn av ein svak radiolink med mykje pakketap.

Unngå hindringar i fresnelsona

Modell med to bakketoppar med ei rett linje mellom og ei oval linje over og under som indikerer området der signalet kan reflekterast, men framleis nå fram til mottakaren. Illustrasjon.

Hovudregelen er at radiolinkar treng klar siktelinje mellom aksesspunkt og klientantenne. I tillegg bør eit område under og over vere fritt for hindringar. Derfor er radiolink-antenner ofte plasserte høgt i terrenget.

Auka sendestyrke betyr ikkje betre signal

Sendestyrke gjer det mogleg å nå langt med radiosignalet, men det kan òg gi forstyrringar og andre problem. Det er derfor lurt å justere sendestyrken på aksesspunktet og klienten slik at det er tilpassa behovet. Mindre sendestyrke (spesielt på korte avstandar) vil ofte gi betre kvalitet på signalet enn full sendestyrke. Dette må kalibrerast for kvar enkelt radiolink.

Radiolinkar kan bli ustabile under bestemte vêrforhold

Mørke skyer på himmelen. Foto.

Radiolinkar, spesielt dei som skal dekkje lengre avstandar, kan bli negativt påverka av regn, tåke, snø og lyn. Det er derfor lurt å kalibrere utstyret med gode marginar (sendestyrke og bandbreidd). Det er òg lurt å sjekke linken jamleg for å sjå om han er stabil også under krevjande vêrforhold.

Lag oppsett med redundans

Radiolinkar er som oftast ein sentral del av nettverks-infrastrukturen. Det inneber at viss radiolinken sluttar å fungere, vil nettverket bli splitta opp i delar, og tenester som internett-tilgang kan bli utilgjengelege for mange brukarar. Redundans inneber at viss det oppstår feil, har vi løysingar i bakhand for å redusere eller hindre nedetid. Den enklaste og billegaste løysinga er å ha ei reserveantenne du kan setje opp viss den eine radiosendaren skulle slutte å fungere. Ei anna moglegheit er å setje opp parallelle radiolinkar, slik at viss éin fell ut, tek den andre over. Det finst òg radioutstyr som fungerer på fleire frekvensområde samtidig. Døme: Ein radiolink bruker 30 GHz og kan overføre med ein fart på fleire Gbit. Viss denne 30 GHz-linken sluttar å fungere (til dømes ved uvêr), tek ein annan radiolink i 5 GHz-bandet over. Men denne kan berre overføre med ei hastigheit på 200 Mbit. Som trass alt er betre enn ingenting.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Praktisk IT