Fagartikkel
Spenningsmåling
Før vi overlet ein nyinnstallasjon til kunden, må vi foreta spenningsmåling. Vi måler alle stikkontaktar for å forsikre oss om at dei har rett spenning. I installasjonar på VG1, skal stikkontaktane ha ei spenning på 230V/50Hz. Tommelfingerregelen er at vi kan tillate eit spenningsfall på 4%.
Når vi måler på elektriske installasjonar, skal instumentet vere innstilt på området for vekselspenning (sinuskurve) og måleområdet over 230V (sjå bilete). Resultatet her er 221 V, noko som er litt i underkant av normert spenning (230V), men det er likevel "godkjent". Hugs å måle spenning i parallell med belastning.