Hopp til innhald

Fagstoff

Resistansmåling (multimeter)

Resistansmåling kan vere aktuelt i sluttkontrollen, men kanskje helst som ein del av ein feilsøkingsjobb. Brudd og kortslutning kan oppstå, og da er det hendig å ha et multimeter.
Multimeter - resistansmåling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi skal måle resistans må vi sjå etter ohm-symbolet (Ω) på multimeteret. Pass på at målepinnane ikkje er tilkopla noko når du vrir på brytaren, dette er for å unngå å skade multimeteret. Vi kan no måle motstanden i ulike delar av anlegget.

Kortlutning eller jordfeil?

Dersom du skal feilsøkje på ei kortslutning eller ein jordfeil kan du bruke multimeterets pipe-funksjon (symbolet under/ved Ω-tegnet) etter at du har kobla frå straumen på anlegget. Test gjerne pipe-funksjonen ved å ta målepinnane saman. Du kan no finne ut om kablar, materiell og gods har kontakt, der det ikkje skal være kontakt, eller om du skal finne eit brot i ein krins. Vær obs på kva du gjer når du koplar frå ulike delar og sjå om du får forventa resultat i prosessen.

Eit konkret eksempel er å teste ei lyspære. Kva forventar du av resultat ved måling på ei defekt lyspære og ei som er i orden?

Lag gjerne feil på kvarandre sine installasjonar for å lære å feilsøkje.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2018

Læringsressursar

Sluttkontroll