Fem sikre – for standard bustadsdokumentasjon - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fem sikre – for standard bustadsdokumentasjon

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har definert fem forhold der standardiserte skjema opplyser om minimumskravet for elektriske anlegg.

I samband med installasjon av elektriske lågspenningsanlegg er det naudsynt at det blir lagd dokumentasjon for kvart enkelt anlegg. For at dette skal fungere, må elektrikaren både opprette og halde ved like eksisterande dokumentasjon. Dette er ein del av bustadmappa som skal følgje bustaden uansett kven som er eigar/bebuar.

Dei fem sikre

Vi har hovudsakeleg fem sikre punkt som vi følgjer uansett kvar i landet installasjonen finn stad:

1. Risikovurdering (rapport og rettleiing)

For å beskytte menneske, dyr og eigedom er det viktig at anlegget er sikra mot farar og skadar ved normal bruk. Det elektriske anlegget må derfor vere designa for å oppfylle dette. Her held montøren seg til standardiserte skjema for risikovurdering og rettleiing.

2. Risikovurdering (sjekkliste)

For at montøren skal kunne utføre arbeidet på ein sikker måte, må han eller ho gjere ei risikovurdering. Montøren skal ikkje setje seg sjølv eller andre i fare under installasjonen. Vurderinga tek blant anna omsyn til HMS-tiltak som kan gjelde arbeid i høgda, i brønnar og i risikabelt område. Dersom montøren meiner at jobben inneber risiko som må vurderast nærare, skal leiar tilkallast.

3. Kursoversikt (skjema)

På innsida av døra til sikringsskapet, eller rett i nærleiken av det, skal det vere ei oversikt over dei ulike kursane som er fordelte i skapet. Kvar sikring/vern blir merkt med eit nummer som igjen viser til kursoversikta, der det blir merkt av for rom eller elektrisk utstyr som er tilknytta, og for vern (sikring, jordfeilautomat, jordfeilbrytar, overspenningsvern) og kabeltype.

4. Sluttkontroll (rapport)

Ved slutten av installasjonen fyller montøren ut ein rapport. Her blir anlegget gjennomgått for å sjekke blant anna montert utstyr, kablar, IP-grad, vern og merking. Montøren utfører òg ulike målingar og genererer feil for å sjå om dei verna som er monterte, fungerer. Dette blir gjort med eigna instrument.

5. Samsvarserklæring (skjema)

Det skal fyllast ut ei samsvarserklæring før det elektriske anlegget blir teke i bruk. Dette er dokumentasjon som stadfester at anlegget er i samsvar med tryggleikskrava.

Du kan lese meir om dei fem sikre punkta på heimesida til DSB. Her kan du sjå korleis dei ulike skjemaa ser ut.

Skrive av Dag Olav Lereim og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2019