Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Er installasjonen i orden?

Ved hjelp av måleinstrument og kunnskap om elektroteknikk og utrekning skal du finne ut om installasjonane er i orden.
Ein montør på oppdrag knip av ei leidning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring 1: Feil på panelomnen?

Du er nettopp ferdig med ein installasjon med ein panelomn. Når du skal funksjonsteste, gir han ikkje frå seg varme.

Oppgåve

Du skal gjere målingar med ein spenningstestar eller eit multimeter på installasjonen for å sjekke om han er i orden. Du skal gjere målingar med eit multimeter for å sjekke om panelomnen er heil.

Mål spenninga med multimeteret i stikkontakten for å sjekke om det er rett spenning.

  • Innstillingsområde: Har du rett innstilling på multimeteret? (V –vekselsspenning)
  • Tilkopling: Er målepinnane på multimeteret på riktig plass? (raud og svart målepinne)
  • Forventa resultat: Er resultatet slik vi kan forvente? (rundt 230 V)

Om det ikkje er spenning, må du sjekke sikringa.

Panelomnen er på 250 W. Mål motstanden i panelomnen.

  • innstillingsområde
  • forventa resultat

Vi går ut frå at spenninga i stikkontakten er 230 V. Rekn ut straum og motstand ut frå 230 V og 250 W. Stemmer resultata? Kvifor eller kvifor ikkje?

Situasjonsskildring 2: Feil på kokeplata?

I stikkontakten er det plugga inn ei kokeplate. Kunden er uviss på om han er i orden.

Oppgåve

Du skal gjere målingar med eit multimeter på ei kokeplate for å sjekke om ho er i orden. Du skal gjere målingar med eit tongamperemeter for å sjekke at installasjonen trekkjer rett straum.

Kokeplata er påstempla 2000 W. Spenninga er 230 V. Kunden trur kokeplata har gått sund. Mål motstanden på plata.

  • Innstillingsområde: Er multimeteret stilt inn korrekt? (ohm)
  • Forventa resultat: Stemmer verdien med det som er oppgitt på kokeplata?

Kokeplata er tilkopla spenning. Du skal sjekke kor mykje straum plata trekkjer. Gjer målinga.

  • Innstillingsområde: Er multimeteret stilt inn korrekt? (straum)
  • Forventa resultat: Trekkjer plata den straumen som du har rekna deg fram til?

Sjekk at resultata stemmer, ved å bruke effektformelen og Ohms lov.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2018

Læringsressursar

Sluttkontroll