Arbeidsoppdrag
Kan du utføre ein sluttkontroll?
Sluttkontroll skal utførast etter kvar jobb. Denne oppgåva tek for seg sluttkontroll av eit elektrisk anlegg.
Du har no gjennomført ein installasjon. Det siste du gjer før installasjonen blir overlevert til eigaren/brukaren, er å gjere ein sluttkontroll.
Oppgåve
Du har installert eit elektrisk anlegg. Installasjonen består av lys, lysstyring og stikkontaktar. Du skal no gjere sluttkontrollen.
- Kva målingar skal du gjere?
- Kva resultat skal/bør du få?
- Kva dokumentasjon bør utarbeidast i ein slik installasjon?
- Kva andre ting vil du gjere i samband med ein sluttkontroll?
Relatert innhald
Fagstoff
Dokumentasjon – ei orienteringDokumentasjonen i eit læringsoppdrag som dette omfattar følgjande: