Dokumentasjon – ei orientering - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dokumentasjon – ei orientering

Dokumentasjonen i eit læringsoppdrag omfattar følgjande:

Fullføring av anleggsdokumentasjon

  • gjere om på installasjonsteikning og koplingsskjema slik at dei stemmer med det som er installert
  • risikovurdering
  • sluttkontroll
  • oppdatere materiallista slik at du får med deg alt materiellet og utstyret som er brukt
  • kursoversikt
  • dokumentasjon på eventuelt skjult varme
  • dokumentasjon på lågvolts innfelt lys
  • utstyrsdokumentasjon

Sluttkontrollen skal innehalde

  • kontinuitet
  • isolasjonsmåling
  • visuell kontroll
  • spenningstest
  • funksjonstest av anlegget
  • rydding

Samsvarserklæring

Sidan 1999 har det vore slik at den som har utført arbeid på eit elektrisk anlegg, skal gi ei samsvarserklæring til kunden, der den ansvarlege for jobben stadfestar kva som er gjort, og går god for at alt er utført i tråd med forskriftene:

  • Ei samsvarserklæring er eit dokument som viser at eit elektrisk anlegg er utført i samsvar med krava i forskrifta.
  • Samsvarserklæringa skal innehalde

    • anleggsadresse
    • informasjon om installasjonsverksemd (firma) som har utført arbeidet
    • informasjon om det er eit nytt anlegg, ei utviding eller ei endring av det elektriske anlegget
    • ei skildring av kva som er gjort
    • normer og spesifikasjonar som ligg til grunn for arbeidet
  • Kravet om samsvarserklæring er hjemlet i forskrift om elektriske lavspenningsanlegg §§ 12 og 13.

Relatert innhald

Fagstoff
Sluttkontroll

Her er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.

Skrive av Haldor Hove og Rodney Årnes.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2018