Planlegging - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Planlegging

Her skal du installere og lære om forskjellige lyskjelder som er styrte av dei vanlegaste lysbrytarane som blir nytta i bustader. Du skal lære deg open og skjult installasjon. Samstundes skal du lære om standardar og forskrifter som er aktuelle ved bustadinstallasjon.

Planleggingsdelen

Risikovurdering

Vurder risikoen ved jobben du skal gjere (HMS, vernetiltak, forskrifter), og risikoen når installasjonen er i bruk.

  • Du skal arbeide i høgda. Kva må du tenkje på her?
  • Du skal kanskje jobbe med spenning?
  • Tek vi omsyn til sikkerheitsforskrifta?
  • Er det verktøy du ikkje kjenner, og som du må få opplæring i å bruke?

Materialliste

Utarbeid ei materialliste over nødvendig utstyr og materiell du treng for å gjere jobben.

  • Er installasjonen open eller skjult?
  • Finne fram ei eigna liste, og finn leverandør- eller grossistkatalog.

Plan for arbeidet

Lag ein plan for arbeidet (Gantt-diagram), det vil seie at du utarbeider ein framdriftsplan der du set opp (på papir) det du skal gjere, i kronologisk rekkjefølgje.

  • Gå gjennom oppdraget, og skriv ned dei jobbane du skal gjennom i perioden (i venstre kolonne).
  • Set av den tida du meiner du treng til dei forskjellige delane av arbeidet.
  • Lag deg ein «buffer» på slutten av oppdraget, slik at du har tid til ferdigstilling sjølv om ikkje alt går heilt etter planen.

Relatert innhald

Ekstern
FSE

Nettside hos lovdata.no

Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019