Hopp til innhald

Fagstoff

Terminologi elektrikarfaget

Terminologi er ord, uttrykk, omgrep og definisjonar som brukast innanfor eit fagområde. Her forklarer vi nokre av dei vi bruker i elektrofaget, slik at du lettare kan forstå fagstoffet.
Elektrikar som skrur i eit sikringsskap i ein privat bustad. Foto.

Referanseinstallasjonsmetode

Referanseinstallasjonsmetode er den metoden du har brukt for å legge kabelen eller leidningane. Har du til dømes lagt kabel utanpå vegg, har du trekt leidningar i røyr inne i isolert vegg, eller kanskje du har lagt kabel i jorda? Sjå tabell 52B i montørhandboka for å sjå dei ulike installasjonsmetodane vi har.

Belastningsstraum (Ib)

Belastningsstraum, Ib, er den straumen som utstyret vi har, trekker. Dette reknar du ut frå effekten som utstyret er påstempla. Dersom du har ein stikkontakt, er Ib den same som sikringsstorleiken.

Sikringsstorleik (In)

Sikringsstorleiken, In, vel vi ut frå kor stor belastningsstraumen er til utstyret eller kva som vil bli forventa forbruk.

Straumføringsevne (Iz)

Straumføringsevne, Iz, er evna kabelen har til å leie straum utan at han blir varm og tek skade av overbelastning. Straumføringsevna blir bestemt av materialet i leiaren (gull har best leieevne, i kablar og leidningar bruker vi kopar eller aluminium), tverrsnittet på leiaren, korleis installasjonen er installert, og temperaturen.

Feilstraum/overstraum (IJ, I1, I2, I4 og I5)

Vi har fleire ulike feilstraumar i eit elektrisk anlegg. Jordfeilstraum er ein straum som går mellom fase og jordpotensial. Denne vil variere i storleik etter kva fordelingssystem det er, og trafostorleik i elektrisitetsverket si fordeling.

Ein annan feilstraum kan vere kortslutningsstraum. Dette skjer om fasane kjem i direkte berøring med kvarandre. Då vil straumen auke veldig.

CC BY-SASkrive av Rodney Årnes.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Sluttkontroll