Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grafar som modellar i biologi

Mange biologiske prosessar kan illustrerast med modellar som er lette å tolke, til dømes grafar. Her skal du finne ut kva modell som passar best til dei ulike situasjonane som er beskrivne nedanfor.
Hender frå forskjellige personar peiker på grafar og diagram på eit ark. Foto.

Oppgåve

Dei fem ulike biologiske prosessane som er beskrivne nedanfor, kan framstillast grafisk. Kan du sjå for deg dei ulike grafane? Bla deg gjennom presentasjonen nedanfor for å studere dei ulike grafane. Klarer du å setje namn på aksane?

  1. Silje måler veksten av ei solsikke og finn ut at ho i gjennomsnitt veks med 2 cm kvar dag.

  2. I ei petriskål tel vi 10 bakteriekoloniar. Bakterieveksten under dei aktuelle miljøforholda er estimert til 15 % per time.

  3. Ei gruppe biologar har i ein periode overvakt talet på individ i ein populasjon med elg. Dei har funne ut at populasjonen i gjennomsnitt har blitt redusert med 3 individ per år sidan dei starta overvakinga.

  4. Varun er på laben og måler enzymaktivitet som funksjon av temperatur. Han finn ut at enzymaktiviteten er høgast ved éin bestemt temperatur. Enzymaktiviteten er låg både over og under den bestemte temperaturen.

  5. Eit bestemt tal individ av ein fiskeart blir sett ut i ein innsjø. Ei gruppe biologar kartlegg populasjonsveksten over tid. Populasjonen aukar mykje i starten, men veksten minkar, og populasjonen stabiliserer seg rundt eit bestemt tal individ.

Synstolking av grafane

A: Kurva stig stadig brattare

B: Kurva fell jamt

C: Kurva stig jamt

D: Kurva stig raskt i starten og flatar deretter ut.

E: Kurva stig raskt, flatar ut og fell raskt.

CC BY-SASkrive av Elida Arstad Skøien, Guro Øistensen Jørgensen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Modellering og programmering