Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ta i bruk regresjonsmodellar i biologi

Matematisk modellering er ein viktig arbeidsmetode som blir brukt i mange fagfelt innanfor biologi. I denne aktiviteten skal du modellere utviklinga av CO₂


-utslepp frå vegtrafikken i Noreg. Du kan bruke GeoGebra eller Python til å lage ein regresjonsmodell.

Person som er ute om vinteren og bruker eit måleinstrument. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matematiske modellar i biologi

Biologar bruker regresjonsmodellar for å fange opp status og utvikling i naturen. Ein kan til dømes studere korleis talet på dyr i ein bestand utviklar seg over eit bestemt tal år, korleis pH-verdien i havet endrar seg, eller kor mykje kvikksølv vi finn i vevsprøver frå ein sjøfuglpopulasjon over tid.

Mange biologar studerer effektar av klimaendringar. Då er det viktig å modellere CO2-utslepp for å kunne seie noko konkret om samanhengar mellom klima og natur.

Innhenting av data i felt

To jenter tek notat utanfor eit telt. Foto.
Tre jenter sit på huk og analyserer vassprøver ute i felt. Foto.

For å kunne lage regresjonsmodellar må vi ha seriar med målingar, som vi gjerne kallar dataseriar. Mange biologar er derfor ute i felt og gjer målingar av bestemte variablar. Dersom målingane går over fleire år, kan det vere fleire som samarbeider om å innhente dei.

I nokre forskingsprosjekt er det store team som samarbeider på tvers av fagdisiplinar. Då er det spesielt viktig at ein standardiserer målingane, slik at ein er sikker på at alle utfører målingane mest mogleg likt.

Bruk av eksisterande data

Ein kan òg bruke data som allereie er innhenta av andre. Meteorologisk institutt og Statistisk sentralbyrå (SSB) er døme på offentlege etatar som har dataseriar med standardiserte målingar. Desse dataseriane er tilgjengelege for både forskarar og privatpersonar – også for deg!

Oppgåve

Tabellen nedanfor viser utslepp av karbondioksid (CO2) til luft frå vegtrafikk i Noreg i utvalde år mellom 1990 og 2018. Tala er henta frå statistikkbanken hos Statistisk sentralbyrå.

År

1990

1992

1994

1996

1998

2000

2002

2004

2006

2008

2010

2012

2014

2016

2018

Utslepp til luft (1000 tonn CO2-ekvivalentar)

7289

7207

7277

7769

7988

8247

8826

9270

9710

9807

9904

9863

10000

9762

9049

Bruk tabellen som utgangspunkt for å lage ein regresjonsmodell

  1. Bruk nokre minutt på å studere tabellen før du går i gang med digitale hjelpemiddel.

    1. Korleis vil du med eigne ord beskrive utviklinga av CO2-utslepp frå vegtrafikk til luft?

    2. Kva år hadde lågast CO2-utslepp? Kva år hadde høgast CO2-utslepp?

    3. Kva faktorar kan vere årsaker til utviklinga du ser? Prøv å kome fram til fleire årsaker, og diskuter med ein medelev. Har de tenkt på dei same årsakene, eller kan de utfylle kvarandre sine tankar om årsaker?

  2. Teikn ei enkel skisse av ein graf som viser utviklinga over tid. Lat x-aksen vere ei tidslinje med år og y-aksen vere utslepp av CO2 til luft frå vegtrafikk.

  3. Rekn ut den gjennomsnittlege endringa i CO2-utslepp frå vegtrafikk

    1. gjennom heile perioden frå 1990 til 2018

    2. frå 1990 til 2014

    3. frå 2014 til 2018

    Tips: Her kan du bruke eittpunktsformelen (ndla.no) til å rekne ut stigningstalet mellom punkta. Kommenter svara dine.

  4. Utfør regresjonsanalyse i GeoGebra, og vel følgjande:

    • lineær modell

    • eksponentiell modell

    • polynommodell av andre grad

    • polynommodell av tredje grad

  5. Diskuter med ein medelev, og grunngi svara dykkar:

    1. Kva modell passar best til punkta?

    2. Kva modell passar dårlegast til punkta?

  6. Kva kan de seie om for modellen dykkar?

  7. og i modellen: Vel éin av modellane du laga i GeoGebra.

    1. Bruk modellen til å berekne CO2-utslepp i 2017.

    2. Bruk modellen til å berekne CO2-utslepp i 2027.

  8. Regresjonsmodellar blir ofte brukte til å lage prognosar for framtidig utvikling. Bruk modellen du har valt, til å lage ein prognose for utslepp i år 2030 og 2050. Kva fortel desse tala deg?

  9. Korleis vil du vurdere gyldigheita til modellen du har brukt, og dei utførte berekningane for 2017 og 2027?

  10. Lag ei liste over tiltak ein kunne setje i verk for å forbetre modellen dersom dette var eit reelt forskingsprosjekt.

Tips til vidare arbeid

Prøv deg på andre regresjonsmodellar i GeoGebra med eit valfritt datasett frå SSB (Statistisk sentralbyrå).

  1. Gå inn i statistikkbanken på nettstaden til SSB. Vel kategori, til dømes natur og miljø, og finn eit tema du synest ser interessant ut.

  2. Last ned den valde tabellen i Excel-format.

  3. Hent datapunkta frå Excel-tabellen du lasta ned, og overfør dei til eit rekneark i GeoGebra.

  4. Følg same framgangsmåte som i oppgåva over.

  5. Presenter modellen du har laga, for medelevane dine. Diskuter om modellen eignar seg til å lage ein prognose for målingane du har undersøkt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elida Arstad Skøien og Guro Øistensen Jørgensen .
Sist fagleg oppdatert 24.05.2021

Læringsressursar

Modellering og programmering