Hopp til innhald

Fagstoff

Simuleringar i biologi

Simuleringar og animasjonar er bevegelege og interaktive modellar av verkelegheita som hjelper oss når vi skal studere kompliserte prosessar og samanhengar. Dei gjer det lettare å lære og blir brukte til forsking, utvikling av prognosar, modellering, underhaldning og mykje meir.
Jente med VR-briller opplever at fiskar sym rundt ho. Illustrasjon.

Datasimuleringar til mange føremål

Eit dataspel er ei simulering som er laga for underhaldning og/eller læring. Simuleringar kan òg brukast i produksjonsprosessar, som planleggingsverktøy og til å studere samanhengar eller overvake prosessar. Grensene mellom dei ulike typane blir meir og meir utviska, og mange hevdar at i framtida vil mykje læring skje ved hjelp av spel og virtuell verkelegheit (Virtual Reality, VR).

Simuleringar til læring og forsking

Simuleringar blir brukte i skulen og til opplæring i mange yrke. Forsking viser at bruk av interaktivitetar og simuleringar gjer det lettare å lære. Dei kan gjere abstrakte og kompliserte fenomen meir konkrete og forståelege. Gode læringsbilete som er lette å hugse, kan fungere som "knaggar" til å hengje kunnskapen på.

Kirurg sit ved konsoll og opererer via fjernstyring. Foto.

Simuleringane kan ikkje erstatte praktisk erfaring frå verken laboratoriet, cockpiten eller operasjonssalen. Men dei er eit verdifullt tillegg som gir moglegheit til å eksperimentere og repetere mange gonger utan ekstra kostnad eller risiko. Virtuell verkelegheit (VR), spel, bevegelege 3D-bilete og 360-rom som du kan "bevege deg i", kan vere både lærerike, motiverande og inspirerande.

I simuleringar og modellar som Naturleg utval og Smittespreiing – modellar kan du på mikro- og makronivå teste ut fenomen som du elles ikkje kan observere. Dette er nyttig på felt som cellebiologi, molekylærbiologi og fysiologi, men også i større skala som økologi og evolusjon.

Kaninar og ulvar. Grafar som viser korleis vala dine påverkar populasjonsutviklinga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har bygd opp ein modell av kjende data, kan du seinare eksperimentere for å sjå kva effekt det har viss du endrar enkelte føresetnader. Innan forsking gir dette svært nyttig kunnskap før ein prøver ut endringar i laboratoriet, på levande organismar eller i naturen.

I simuleringa under kan du endre temperatur og molekylmasse for å sjå korleis det påverkar molekylbevegelsane.

Frå store datamengder til simulering i sanntid

Tallause vêrstasjonar, satellittar og forskingsstasjonar samlar inn observasjonar og målingar som blir brukte til å lage situasjonsbilete og prognosar til ulike føremål. På bakgrunn av store datamengder frå slike observasjonar simulerer prognosar kva som kjem til å skje. Når vi skal forstå forhold i atmosfæren, er det lettare for oss å oppfatte ei simulering enn same informasjon i form av tabellar og tekst.

earth.nullschool.net kan du sjå ei simulering som viser vind, CO2-konsentrasjon og brannar på jordoverflata slik det var for nokre timar sidan. Du kan sjå temperatur, partiklar i atmosfæren, bølgjer m.m. på heile jordkloden i sanntid med ei forseinking for nokre få timar.

Simuleringar og animasjonar til opplæring

Nedanfor kan du sjå fleire døme på biologiske prosessar og strukturar som er animerte. Her er det ingen moglegheiter til interaksjon og testing av fleire moglegheiter. Du kan likevel studere forenkla framstillingar av ei komplisert verkelegheit. Det gir gode læringsbilete, oversikt og heilskapsforståing, noko som er svært nyttig når du skal lære meir om desse prosessane.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2021

Læringsressursar

Modellering og programmering