Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produksjon i ein innsjø – lag ein modell

I denne oppgåva skal du bruke verktøyet SageModeler til å byggje opp ein enkel modell av primærproduksjonen i ein innsjø. Finn ut kva variablar du skal ha med, kople dei saman, og køyr ei simulering.

Bygg opp modellen med variablar

Vi skal lage ein modell som viser mengda planteplankton i ein innsjø.

Kva variablar påverkar mengda planteplankton, trur du? Vi forenklar litt og bruker desse to variablane:

  • mengd sollys

  • tal predatorar (dyreplankton)

I SageModeler bruker vi bilete eller ikon for å representere variablane. Her har vi allereie funne fram bilete som representerer predatorar og planteplankton. No vil vi finne eit bilete som skal stå for variabelen "mengd sollys":

Skjermbilete frå programmet SageModeler som viser korleis ein søkjer etter bilete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Klikk på Nytt bilde.

  2. Søk etter eit bilete som passar til variabelen. Det er berre mogleg å søkje på engelsk.

  3. Klikk på eit bilete, og vel Legg til bilde.

  4. Dra biletet ned til arbeidsflata.

  5. Biletet representerer ein av variablane dine. Gi biletet eit namn, til dømes "mengd sollys".

Skjermbilete som viser korleis ein dreg eit ikon ut på arbeidsflata i programmet SageModeler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips! Gi variablane namn som fortel kva som blir målt

For å kunne køyre modellen må variablane vere målbare. Gi variablane namn som fortel kva som blir målt. Bruk til dømes "mengd sollys" i staden for "sol" og "mengd planteplankton" i staden for "planteplankton".

Lag samanhengar mellom variablane

Ikon som representerer "tal predatorar", "mengd sollys" og "mengd planteplankton". Det går ei pil frå "mengd sollys" til "mengd planteplankton". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Beveg musepeikaren over bileta av variablane, eller klikk på dei.

  2. Klikk på pila, og dra pila som då dukkar opp, over til midten av ein annan variabel. Når denne variabelen lyser opp, kan du sleppe. No har du laga ein samanheng mellom to variablar.

Avhengig og uavhengig variabel

I dette dømet er mengda planteplankton ein avhengig variabel. Mengda planteplankton er avhengig av talet på predatorar og mengda sollys. Talet på predatorar og mengda sollys er uavhengige variablar. Desse to variablane kan vi justere nivået på når vi køyrer simuleringar av modellen.

Definer korleis variablane påverkar kvarandre

  1. Du kan definere korleis variablane påverkar kvarandre, ved å dobbeltklikke på variablar som har piler som peiker mot seg. (Du kan òg klikke på pil-ikonet i menyen til høgre.)
Skjermbilete frå programmet SageModeler som viser korleis ein angir måten variablar påverkar kvarandre på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Marker den aktuelle variabelen i menyen som dukkar opp, og juster vala for årsak og verknad i rullegardinmenyane, slik at dei passar til den aktuelle situasjonen.

  2. Gjenta trinna over for alle variablane dine.

Piler viser samanhengar

Piler med raud farge viser at ein variabel påverkar den andre positivt: Ein auke av den eine fører til ein auke av den andre.

Piler med blå farge viser at ein variabel påverkar den andre negativt: Ein auke av den eine fører til ein nedgang av den andre.

I tillegg til at fargane på pilene viser korleis ein variabel påverkar ein annan, er det mogleg å få fram pluss- og minusteikn som viser dette. Via tannhjulet kan du velje Vis symboler for sammenheng.

Skjermbilete frå programmet SageModeler som viser korleis du får opp symbol som forklarer samanhengen mellom to variablar. Desse symbola kjem i tillegg til fargekodane, som er standard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Køyr modellen din

  1. Klikk på Simuler oppe på verktøylinja. På ikona dine får du opp stolpar som gir eit bilete av verdien til variabelen. Ved sida av variablane som påverkar, dukkar det opp glidebrytarar.

Skjermbilete frå programmet SageModeler som viser korleis skjermen ser ut når ein skal køyre ei simulering. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Prøv deg fram med å justere glidebrytarane. Legg merke til korleis mengda planteplankton blir endra når du endrar mengda sollys eller talet på predatorar.

Avgrensande faktorar

Når vi har fleire effektar som påverkar, vil programmet i utgangspunktet ta eit gjennomsnitt av effektane. Dette gjer at vi nokre gonger får urimelege resultat.

Døme: Viss vi stiller inn mengda sollys på null, vil det ifølgje modellen framleis vere ein god del planteplankton i innsjøen, avhengig av kor mange predatorar som finst.

For å unngå dette kan vi angi at verdien til den variabelen vi undersøkjer, aldri kan bli høgare enn den lågaste verdien til variablane som påverkar. Då vil null sollys gi null planteplankton.

Skjermbilete frå programmet SageModeler som viser korleis ein angir at ein variabel kan vere ein avgrensande faktor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Dobbeltklikk på "mengd planteplankton", og endre valet i rullegardinlista Kombiner variabler ved å bruke frå gjennomsnitt til begrensende faktor.

Skjermbilete frå programmet SageModeler som viser korleis du kan køyre ei simulering av ein modell du har laga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Klikk på Graf øvst på sida. På aksen kan du velje kva variablar du vil undersøkje nærare, ved å velje på aksen eller ved å dra variabelnamna frå arbeidsflata og sleppe dei på aksen.

  2. Samle inn data ved å klikke på Ta opp kontinuerlig og justere glidebrytarane opp og ned.

  3. Når du har fått ein del punkt, klikkar du på Stopp opptak.

  4. Du har no samla ei rekkje datapunkt i ein tabell.

  5. Lukk tabellen, og klikk på Graf-ikonet på den variabelen du vil undersøkje.

Skjermbilete som viser korleis du kan lage ei grafisk framstilling av datapunkt i programmet SageModeler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vurder modellen din

Du kan bruke grafane du har laga, til å vurdere kor god modellen din er:

  • Kor godt stemmer samanhengane som simuleringa viste, med det vi veit frå før?

  • Samanlikn resultata frå simuleringa med resultat frå reelle målingar. Søk på nettet for å finne målingar som er gjorde tidlegare. I SageModeler kan du importere filer med data og lage grafar ut frå desse. Bruk menyknappen oppe til venstre, og vel Importer. Lenger ned finn du eit filvedlegg som passar til modellen vi har laga på denne sida.

I denne fasen er det ein god idé å diskutere med andre og vurdere kvarandre sine modellar.

Filer

Gjer forbetringar i modellen

Med utgangspunkt i vurderingane du gjer, kan du jobbe vidare med modellen din:

  • endre korleis parametrar påverkar kvarandre

  • leggje til eller ta bort parametrar

Hald fram med å køyre simuleringar og gjere endringar heilt til du har ein modell som du meiner fungerer godt til føremålet.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Modellering og programmering