Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: virvellause dyr i lauv- og barskog

Sjølv i dei nordlege områda våre er det eit yrande dyreliv. Trass i kalde vintrar rommar skogane våre eit utal av smådyr, til dømes insekt, edderkoppdyr og andre virvellause dyr. Leit etter og finn eit mangfald av artar på skogbotnen.
Ei løpebille i graset. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med denne aktiviteten er å samle inn insekt, edderkoppdyr og andre for å få ei oversikt over mangfaldet i eit skogøkosystem.

Framgangsmåte

Brun bille og grå pinsett. Illustrasjon.

På sida Metodar for å fange smådyr (NDLA) er dei ulike fangstmetodane beskrivne.

Undersøk gjerne både ein lauvskog og ein barskog viss de har moglegheit.

Handtering av innsamla dyr

Når de skal plukke opp smådyr, er det fint å bruke ein pinsett med mjuke blad. Då er det lettare å handtere dyra utan at dei blir skadde. Dyr som de skal ta vare på til seinare, kan de avlive og konservere med 70 % sprit i eit glas, til dømes eit dramsglas.

Smådyr i ei glasskål med væske. Foto.

Resultat

  • Forsøk å bestemme kva slags artar de har samla inn. Bruk bestemmingslitteratur og -appar.

  • Lag tabellar og grafiske framstillingar som gir oversikt over førekomst av artar og talet på individ i området de undersøkjer. Samanlikn resultat frå lauv- og barskog.

  • Lag ei utstilling med det de har samla inn, og fokuser på eit bestemt tema. De kan til dømes sortere dyra i grupper ut frå korleis dei får tak i næring (kjøtetarar, planteetarar, altetarar, nedbrytarar) eller lage eit .

Oppgåver

  • Kva betyr omgrepet biologisk mangfald?

  • Korleis vil de vurdere mangfaldet i området de undersøkte? Var mangfaldet størst i lauv- eller barskog? Forsøk å forklare eventuelle forskjellar. Bruk faguttrykk i forklaringane.

  • Kva meiner vi med at nokre artar er spesialistar, mens andre er generalistar? Finn ut om nokon av artane de fann, er generalistar eller spesialistar.

  • Korleis kan vi berekne mangfaldet av artar i eit område?

  • Korleis vil de vurdere mangfaldet i området de undersøkte?

  • Gi døme på faktorar som påverkar mangfaldet i dette området. Ta utgangspunkt i eitt individ, og lag ei oversikt over alle abiotiske og biotiske faktorar som påverkar dette individet.

  • Finn ut kva slags systematisk gruppe dei virvellause dyra utgjer. Ta gjerne utgangspunkt i Tree of life og undersøk om "virvellause dyr" er ei , eller gruppe.

Kjelde

Gregers, T. F. & Berge, G. (2016). Feltbiologi for lærere som underviser i naturfag og biologi. Universitetet i Oslo. Skolelaboratoriet for biologi. Henta frå https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/feltbiologi-mai-2016.PDF

CC BY-SASkrive av Kjell Åke Augestad og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i skogen