Hopp til innhald

Fagstoff

Skogtypar

Det finst mange ulike typar skog. Kva treslag og andre artar som finst i skogen, varierer med forholda på veksestaden. Bli kjend med ulike skogtypar i denne interaktive ressursen.
Furuskog i sommarsol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har ulike typar skog i Noreg. Skogen blir delt inn i vegetasjonstypar eller skogtypar. Skogtypane er delte inn etter kva planter som typisk veks der. Desse kallar vi merkeplanter eller . Desse artane fortel oss kva skogtype det kan dreie seg om, samtidig som det seier noko om vekstforholda og evna marka har til å produsere trevirke (. Det veks mange ulike planteartar i dei ulike skogtypane. Plantene har gjerne heilt spesielle krav når det gjeld lys eller skugge, fukt, temperatur og .

I denne læringsressursen finn du fire interaktive oversikter over ulike vegetasjonstypar:

  • skog med høg bonitet

  • skog med middels bonitet

  • skog med låg bonitet

  • andre skogtypar

Slik nyttar du ressursane om skogtypar

Kvar ressurs startar med ei framside med døme på skogtypar. Klikk på ein av boksane. No får du ei liste med artar som kan vere i den aktuelle skogtypen. Klikk på arten, og du får ein kort tekst om han og eit bilete.

Når du ser på artane i ein skogtype, kan du bla deg vidare ved hjelp av pilane for å sjå på fleire artar i denne vegetasjonstypen, eller du kan trykkje på tilbakepilen nede til høgre for å gå tilbake til oversikta over artane.

Nedst til venstre ser du ei oversikt over kvar du er, kva hovudgruppe skog du er inne i, kva type skog og kva art du er inne på. Du kan òg her klikke deg tilbake til skogtypen eller til framsida med oversikta over skogtypane her.

Døme:

Høg bonitet > Høgstaudeskog > Tyrihjelm

Høg bonitet

Skildring: Høgproduktiv skog med rask vekst og frodig botnvegetasjon med mange urter og staudar.

Middels bonitet

Skildring: Lågare produksjonsevne enn skog med høg bonitet. Skogen treng lengre tid på å oppnå moden hogstalder. Botnsjiktet blir gjerne dominert av mellom anna bærlyng og mosar.

Låg bonitet

Skildring: Lågproduktiv skog med lang omløpstid før skogen når hogstmoden alder. Botnvegetasjonen blir dominert av lav, lyng og bærlyng.

Andre skogtypar

Skildring: Fuktig mark med skog.

Diskuter

  1. Kvifor har vi så mange ulike skogtypar i Noreg?

  2. I Noreg finst det truleg rundt 60 000 ulike artar, og 2/3 av desse er knytte til skog. Kva trur de er grunnen til at så stor del av artsmangfaldet finst i skogen?

Natur i Noreg

Den oversikta over vegetasjonstypane som er nytta på denne sida, er eit forenkla system. Namna som er nytta, er dei det er vanleg å nytte innan skogbruket i Noreg, og som du finn i mange lærebøker og publikasjonar.

Natur i Norge (NiN) er eit system for kartlegging av vegetasjonstypar. Her kan du lese meir om detaljert kartlegging av naturtypar i Noreg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i skogen