Hopp til innhald

Fagstoff

Om feltarbeid i skogen

Skogen er leveområdet for mange plante- og dyreartar. Artane samspeler med kvarandre og er alltid påverka av ulike abiotiske faktorar. Når skogen endrar seg, påverkar det både alt det levande og dei abiotiske faktorane som lys, fukt og temperatur.
Ein smal sti går forbi mosegrodde tre i ein skog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skog

Grovt sett kan vi dele inn skogen i to hovudtypar: lauvskog og barskog. I praksis finst det mange andre typar skog, som er overgangsformer mellom desse to.

Lauvskog

Tett lauvskog. Foto.

Lauvskog utgjer omtrent 20 prosent av all skogen i Noreg. Vi har ulike typar lauvskog:

Edellauvskog med varmekjære artar som hassel, alm, svartor, lind, ask, eik, bøk og lønn finst sør i landet. Bjørkeskogar med innslag av meir hardføre artar som rogn, osp og selje er vanleg lengre nord. Fjellbjørkeskogen veks i fjellet opp mot tregrensa.

Mange av lauvtreslaga vi har i Noreg, er rekna som pionerartar. Det vil seie at dei er tidleg ute med å etablere seg på stader der det til dømes har vore hogst, skogbrann, ras, stormfelling, beiteområde eller dyrkamark som ikkje lenger er i bruk. Felles for mange av pionerartane er at dei er lyskrevjande. Det vil seie at dei treng mykje lys for å kunne vekse. Nokre få artar toler meir skugge og kan vekse sjølv om andre, større tre skygger for.

Dyreliv i lauvskogen

Ein liten fugl med grøngule fjører sit ytst på ei grein. Foto.

I lauvskogen er det gjerne eit stort mangfald av virvellause dyr, både planteetarar og rovdyr. Mange fugleartar er tilpassa eit liv i lauvskogen. Her er det mange reirplassar, ikkje minst for artar som har reirplass i hole tre. Tett lauvverk gjer det lett å gøyme seg. Sidan det ikkje er så lett for fuglane å sjå kvarandre heller, er song ein viktig måte å kommunisere på. Fleire av dei typiske songfuglane finn vi ofte i lauvskogen.

Lauvet er òg ei viktig næringskjelde for dei større dyra, som hare, rådyr og elg.

Barskog

Furu

Furuskog i tåke. Foto.

Furua trivst i tørr og næringsfattig jord, men kan òg vekse på tuer i myrer. Røtene stikk ikkje djupt. I skogbotnen veks ulike artar av lav, lyng og urter. Kva artar som veks saman der, er avhengig av jordsmonn og klima, og det gjer at vi får ulike typar furuskog. I dei store furuskogane på Austlandet er skogbotnen dominert av reinlav.

Gran

Grana innvandra seint til Noreg, men har breidd seg nord- og vestover. Nord for Rana finst førebels berre nokre spreidde førekomstar. Ho trivst i djup og fuktig jord. Granskogane har òg ulik samansetjing av artar i skogbotnen. Vanlege artar i granskog kan vere blåbær og bregnar. Granskogen er gjerne tettare enn furuskogen, slik at mindre lys når ned til skogbotnen.

Dyreliv i barskogen

Ein svart fugl med raude fjører på toppen av hovudet sit på ein trestamme. Foto.

Det er mindre mat for dei virvellause dyra i barskogane enn det er i lauvskogane, så dei er ikkje like talrike her. Barnåler er tyngre å fordøye enn blad.

Skoghønsa våre (storfugl, orrfugl og jerpe) er tilknytte barskog. Det same gjeld ein del spette- og ugleartar. Gnagarane ekorn og skoglemen trivst òg godt i barskogen, og vi kan òg støyte på både mår, gaupe og bjørn innimellom bartrea.

Planteartar og næringskrav

Gul blomster med lagvise kronblad. Foto

Planteartar har ulike krav til næring. Næringskrevjande plantar må ha god tilgang til næring for å kunne vekse ein stad, mens plantar som ikkje er spesielt næringskrevjande, kan vekse på stader med lite eller mykje næring.

Mosar og lav krev lite næring, mens dei fleste urter krev meir lys og næring enn dei kan få i granskogen. Det er derfor fleire urter i open lauvskog og mest i hogstfelt.

næringskrav

Krav til næring

Døme på artar

lite næringskrevende

mjuk kråkefot, stri kråkefot, smyle, tepperot, røsslyng,
tyttebær, blåbær, krekling, skogstjerne, skrubbær, linnea

middels næringskrevende

skogsnelle, einstape, hengeving, liljekonvall, hengeaks,
skogstjerneblom, kvitveis, skogstorkenebb, gjøkesyre

næringskrevende

firblad, ballblom, blåveis

Viss vi finn næringskrevende artar i området vi undersøker, kan det tyde på at jorda er næringsrik.

Kjelde

Universitet i Oslo. (2016). Feltbiologi for lærere som underviser i naturfag og biologi. Henta frå https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/feltbiologi-mai-2016.pdf

CC BY-SASkrive av Kjell Åke Augestad, Trine Merete Paulsen, Vigdis Jonsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i skogen