Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: Vegetasjonsanalyse

Dersom vi vil analysere vegetasjonen i eit område grundig, kan vi gjennomføre rute- og linjeanalysar. Då undersøker vi eit veldig avgrensa område og bruker det vi finn ut, til å forklare forskjellar i vegetasjon på ulike lokalitetar, i ulike sjikt og langs gradientar.
Bilete av skog med oversikt over ulike vegetasjonssjikt. Tresjikt: tre over 1,5 meter. Busksjikt: små tre og buskar på 0,5–1,5 meter. Feltsjikt: plantar under 0,5 meter. Botnsjikt: lav, mosar, små eller krypande plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med denne aktiviteten er å registrere vegetasjonsdekke og førekomst av artar i eit avgrensa område.

Resultata kan brukast til å forklare førekomst av artar og forskjellar mellom ulike sjikt og ulike typar skog. Det kan òg vere interessant å samanlikne ulike område/gradientar og undersøke korleis abiotiske faktorar som lys, vind og fukt kan påverke førekomsten av ulike planteartar.

Døme på ulike område/gradientar kan vere:

  • open mark med mykje lys (blomstereng, hogstfelt)

  • skog med skugge (granskog)

  • område i overgangen mellom skog og open mark

Framgangsmåte

Fire kvadrat på bakken merkte av med tau. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ruteanalyse

Vi bruker ruteanalyse når vi skal kartlegge vegetasjon i eit område som er nokså einsarta.

  1. Lag ei kvadratisk rute på bakken. Storleiken kan vere 1 x 1 eller 2 x 2 m. Bruk kompass, slik at ruta ligg i nord–sør-retning. Registrer plasseringa av ruta ved å lese av koordinatane.

  2. Bank pluggar ned i jorda i hjørna av kvadratet. Strekk eit tau mellom pluggane. Del kvadratet inn i mindre kvadrat ved hjelp av tau. Å dele opp ruta i fleire små kvadrat gjer det lettare å halde oversikta når vi til dømes skal telje opp talet av enkeltartar.

Abiotiske faktorar

  1. Gjennomfør målingar av abiotiske faktorar i ruta:

  • lysintensitet (ved hjelp av lysmålar som blir plassert direkte på bakken)

  • pH i jorda

  • vindstyrke (ved hjelp av vindmålar)

  • fukt i jorda

  • luftfukt

  • hellingsgrad

Sida Feltarbeid: analysar av jordprøver beskriv ulike metodar.

  1. Ta bilete av rutene.

Dekningsgrad for vegetasjon

  1. Anslå kor stor prosentdel av ruta som er dekt av vegetasjon (dekningsgrad). Eit tips kan vere å sjå for seg at sola står rett over ruta. Bruk arealet av skuggen som vegetasjonen vil lage, for å anslå dekningsgraden.

  2. Ta for dykk sjikt for sjikt. I botnsjiktet registrerer de òg delen bar mark. Tabellen under viser eit døme på ei tenkt registrering i tre ulike ruter.

døme PÅ REGISTRERING

Sjikt

Rute 1

Rute 2

Rute 3

Tresjikt, dekning

80 %

90 %

100 %

Busksjikt, dekning

40 %

60 %

60 %

Feltsjikt, dekning

80 %

100 %

90 %

Botnsjikt, dekning

60 %

90 %

100 %

Botnsjikt, bar mark

40 %

10 %

0 %

Dekningsgrad for dei enkelte artane

  1. Anslå kor stor del av ruta dei enkelte artane dekker. For artar som ikkje veks i botnsjiktet, kan de bruke "skuggemetoden" frå førre del. Vurder om de skal undersøke alle sjikta eller gjere eit utval. I nokre tilfelle kan de oppleve at all vegetasjonen høyrer til det same sjiktet.

  2. I staden for å bruke prosent kan de bruke kategoriar. Det er lettare å bruke kategoriar, men viss de skal gjere utrekningar i etterkant, er det best å ha prosenttal. Ei mogleg inndeling i kategoriar er:

FORSLAG TIL KATEGORIaR, DEKNINGSGRAD

Kategori

Symbol

Dekningsgrad

sjeldan

S

mindre enn 10 % dekning

vanleg

V

10–50 % dekning

dominerande

D

over 50 % dekning

Frekvensanalyse – tal av kvar art

  1. Del opp ruta i mange småruter (til dømes 9 eller 16). Bruk tau eller hyssing.

  2. Registrer om artane finst i kvar av smårutene eller ikkje. Ein plante høyrer til i den ruta der rota er festa. Tabellen under viser analyse av feltsjiktet i ei rute som er delt inn i 9 småruter.

døme på registreringsskjema
Art

1

2

3

4

5

6

7

8

9

Blåbær

x

x

x

x

Tyttebær

x

x

x

x

Røsslyng

x

x

x

x

x

Smyle

x

x

x

x

Gran

x

x

Linjeanalyse – endringar langs ein gradient

Ungdommar undersøker vegetasjon langs eit tau som ligg på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi skal undersøke vegetasjon langs ein gradient der dei abiotiske forholda endrar seg, kan vi bruke linjeanalyse. Vi kan til dømes sjå på endringar i vegetasjonen når vi går frå eit område med lite lys og beveger oss gradvis over i eit område med mykje lys.

  1. Legg eit tau eller eit måleband gjennom området de skal undersøke.

  2. Bruk kompass til å finne ut kva himmelretning linja går i.

  3. Lag ruter på 1 m x 1 m langs linja. Rutene kan leggast rett etter kvarandre, eller det kan vere litt avstand mellom dei.

  4. Registreringa i rutene går føre seg på same måte som beskrive i døma om "Ruteanalyse" over.

Filer

Skjema til ruteanalyse - frekvensanalyse

Skjema til ruteanalyse - dekningsgrad

Resultat

Bruk registreringar frå analyseskjemaa til å lage tabellar og grafiske framstillingar der de samanliknar

  • ulike sjikt med tanke på dekningsgrad og førekomst av artar

  • ulike typar skog

  • vegetasjonen langs ein gradient

Grafisk framstilling som viser dekningsgrad i ulike sjikt i gran- og furuskog. Graf.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål

  1. Samanlikn dei abiotiske faktorane på ulike lokalitetar. Kva finn de ut? Korleis påverkar dette artssamansetjinga på desse lokalitetane, trur de?

  2. Kva plantar/plantegrupper er mest dominerande

    1. i dei ulike sjikta

    2. på dei ulike lokalitetane

    3. på ulike stader langs gradienten

  3. Kva er samanhengen mellom dei abiotiske forholda og vegetasjonen i dei ulike områda?

Kjelde

Universitet i Oslo. (2016). Feltbiologi for lærere som underviser i naturfag og biologi. https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/feltbiologi-mai-2016.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Åke Augestad og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i skogen