Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: analysar av jordprøver

Jorda gir feste til planterøtene, og innhaldet av vatn og næring har saman med pH stor betydning for vekst og utvikling hos plantane. Jorda er òg leveområdet til mange bakteriar og virvellause dyr. I dette feltarbeidet skal de undersøkje ulike eigenskapar ved jorda i ekskursjonsområdet dykkar.
Ei hand held eit stykke jord med tydeleg lagdeling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med dette feltarbeidet er å ta jordprøver, analysere dei og bruke resultata til å vurdere korleis dei abiotiske forholda i jorda påverkar dyre- og plantelivet.

Bestemming av jordart

For å bestemme kva jordart de har, kan de bruke framgangsmåten i dette flytskjemaet:

Flytskjema som viser korleis du kan bestemme kva for ein jordart du har. Viss du ikkje kan forme jorda til ein ball, er jordarten grovsand, mellomsand eller finsand. Viss du kan forme jorda til ein ball, men ikkje lage eit band mellom tommel- og peikefinger, er jordarten silt eller sandig silt. Viss bandet du lagar, ikkje blir lengre enn 2,5 cm før det brekker, har du lettleire. Viss bandet ikkje blir lengre enn 5 cm, har du mellomleire. Elles er jordarten stiv leire. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

pH

pH (surleiksgrad) i jorda påverkar tilgjengelegheita til enkelte næringsstoff. Det betyr at sjølv om jorda er næringsrik, er det ikkje sikkert at denne næringa kan takast opp gjennom planterøtene.

Framgangsmåte

Metallsylinder med opning i heile lengderetninga er fylt med jord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De kan ta jordprøver i tilknyting til rutene de bruker til ruteanalyse, eller bruke andre område de vil undersøkje.

  1. Bruk ein liten spade (eventuelt jordbor). Ta ei prøve med jord frå dei øvste 15–20 cm. Viss de er i ein barskog, kan de ta prøver frå dei ulike laga/sjikta.

  2. Overfør prøva til ein plastpose, og ta posen med tilbake til skulen/laboratoriet.

  3. Veg opp 200 gram jord på ei digital vekt.

  4. Overfør prøva til ein boks.

  5. Tilset så mykje destillert vatn at vatnet dekkjer jorda, og slik at det er mogleg å senke pH-meteret eller pH-papiret ned i vatnet utan at det kjem i kontakt med jorda. Set lok på boksane.

  6. Lat boksane med jordprøvene stå ei veke.

  7. Rist boksane i omtrent to minutt.

  8. Når de er ferdige med å riste, lèt de boksane stå i ro i ein time.

  9. Mål pH ved å senke pH-papiret eller sensoren på pH-meteret ned i vassfasen (unngå kontakt med jordpartiklar).

Måle pH i felt

Nokre gonger kan det vere greitt å måle pH mens vi er i felt:

  1. Overfør ei toppa teskei med jord til ein behaldar med 25 mL vatn.

  2. Rist godt. Lat jordpartiklane søkke til botnen før de måler pH.

Jorda si evne til å halde på vatn (feltkapasitet)

Den mengda vatn som jordpartiklane klarer å halde igjen etter at overskotsvatnet har runne av, blir kalla feltkapasitet.

Framgangsmåte

  1. Tørk jordprøva ved 105 grader i 18–24 timar.

  2. Veg eit vått filtrerpapir. Noter massen.

  3. Set eit filtrerpapir i ei trakt. Tilfør tørr jord med kjend masse og kjent volum.

  4. Tilset vatn i jorda, litt etter litt, heilt til all jorda er gjennomfukta. Dekk trakta med plastfolie, slik at vatnet ikkje fordampar. Lat det stå i 24 timar.

  5. Veg filtrerpapir og jord.

  6. Rekn ut masse til den våte jorda:
    mvåt jord=mvåt jord + vått filter -mvått filter

  7. Rekn ut feltkapasiteten:

volumprosent vatn =våtvekt jord (g) - tørrvekt jord (g)volum jord (mL)·100 %

Organisk stoff (glødetap)

Mengda organisk stoff i jordprøva kan gi informasjon om kva jordtype de har. Jord med høgt innhald av organisk materiale har god evne til å halde på vatn og næringsstoff, og vi finn ofte eit rikt dyreliv i denne jorda.

Framgangsmåte

  1. Veg ein tom digel på ei analysevekt. Noter nøyaktig masse.

  2. Veg opp 3–5 gram jord i digelen. Noter nøyaktig masse.

  3. Lat digelen stå i tørkeskåp på 105 grader i 6 timar.

  4. Veg digelen. Noter nøyaktig masse.

  5. Varm opp digelen over ein gassbrennar i 10–15 minutt.

  6. Avkjøl digelen, og veg han. Noter nøyaktig masse.

Berekn massen av jorda før tørking og oppvarming:

mvåt jord=mvåt jord + digel-mdigel

Berekn massen av jorda etter oppvarming/gløding:

mglødd jord=mglødd jord + digel-mdigel

Berekn glødetap i prosent:

mvåt jord-mglødd jordmvåt jord·100 %

Jordprofil

Organismane i jorda – utdriving med lys

For å drive ut inaktive dyr blant blad på bakken og i jorda kan vi bruke lys. Vi plasserer ei lampe over materialet, og når denne lyser, vil dyra etter kvart trekkje nedover og vekk frå lyset, inntil dei fell gjennom nettingen og ned i glaset med konserveringsvæske. Denne forma for utdriving blir ofte kombinert med sålding ved at ein legg materialet frå såldposen i trakta og deretter skrur på lyset.

Teikning av trakt med førne over eit glas med sprit. Ei lampe lyser over førneprøva. Illustrasjon.

Framgangsmåte

  1. Set opp utstyret som vist på figuren.

  2. Legg materialet på rista som ligg i trakta.

  3. Skru på lampa.

  4. Ta vare på smådyra som fell ned i spriten, og forsøk å artsbestemme dei. Undersøk om det er forskjellar på kva dyr de finn i prøver tekne på ulike stader.

Næringsinnhald

Det er mogleg å vurdere næringsinnhaldet i jorda indirekte ved å sjå på førekomsten av enkelte planteartar:

Krav til næring

Døme på planteartar

lite næringskrevjande

mjuk kråkefot, stri kråkefot, røsslyng, tyttebær, blåbær, krekling, skogstjerne, linnea, smyle, tepperot

middels næringskrevjande

skogsnelle, einstape, hengjeveng, liljekonvall, hengjeaks, skogstjerneblom, kvitveis, skogstorkenebb, gaukesyre

næringskrevjande

firblad, ballblom, blåveis, myske

Viss de vil ha kvantitative (talfesta) verdiar på næringsinnhald, kan de bruke analysesett til dette føremålet eller sende inn prøvene til eit laboratorium som analyserer jordprøver.

Til feltrapporten

  • Presenter resultata frå undersøkingane de har gjort.

  • Bruk resultata og fagstoff til å diskutere korleis forholda i jorda påverkar plantar og dyr.

Kjelder

Høgskolen i Innlandet. (u.å.). 1. Måle feltkapasitet. Henta 18. mai 2021 frå https://www.inn.no/prosjektsider/potteforsoek/metode/brukermanualer/1-maale-feltkapasitet

Norsk institutt for bioøkonomi. (2017, 23. oktober). Organisk materiale. Henta 19. mai 2021 frå https://www.nibio.no/tema/jord/organisk-avfall-som-gjodsel/organisk-materiale

Norsk Landbruk. (2018, 12. april). Slik tar du jordprøver. Henta 18. mai 2021 frå https://www.norsklandbruk.no/article/slik-tar-du-jordprover/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Kjell Åke Augestad og Ragnhild Baglo.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i skogen