Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: abiotiske forhold i innsjøen

Innhald av næringsstoff, pH og hardleik er nokre av dei abiotiske faktorane som påverkar dei levande organismane i ein innsjø. Desse faktorane kan gi viktig informasjon om tilstanden i innsjøen.
Jenter sit på huk mens dei analyserer vassprøver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de ta vassprøver og analysere dei med tanke på abiotiske faktorar. De skal bruke resultata til å vurdere tilstanden i innsjøen.

Framgangsmåte

Jente tek vassprøve med glas i ein bekk. Foto.

Del 1. Innsamling av prøver

  1. Ta vassprøver til analyse av næringsstoff i vatnet. Prøver i vassoverflata kan de ta direkte frå vatnet i eigna behaldarar. Viss de har ein , kan de ta prøver frå ulike djupner.
  2. Bruk ei sikteskive (secchiskive) til å måle siktedjupna. Senk skiva ned i vatnet heilt til de ikkje kan sjå ho lenger. Dra ho deretter litt opp igjen, slik at de skimtar skiva. Dette er siktedjupna. Mål siktedjupna fleire gonger ved ulike stader i innsjøen.

Kvit, sirkulær plastskive festa i enden av eit tau. Foto.

Del 2. Analyse av prøver

Gjennomfør analysar for ulike abiotiske faktorar i vatn. Bruk eit eige analysesett for måling av vasskjemi (nitrat, fosfat, pH og hardleik).

Viss ein annan klasse har gjort målingar i denne innsjøen tidlegare, kan de samanlikne og vurdere eventuelle avvik. Tyder avvika på at det har skjedd ei utvikling, eller er dei tilfeldige, kjem dei av ulik årstid eller noko anna?

Resultat

  • Lag oversikter over resultata dykkar, både tabellar og grafar.

  • Bruk kartet i Vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag, og finn ut om det er gjort målingar i denne innsjøen tidlegare. Samanlikn resultata de fekk, med desse målingane.

Til feltrapporten

  • Vurder næringsinnhaldet i innsjøen ut frå resultata av undersøkingane dykkar. Kva kan de seie om næringsinnhaldet i denne innsjøen?

  • Bruk vasskvalitetstabellen hos Miljolare.no til å vurdere

    • forureiningsgrad

    • forsuring

    • næringsinnhald

  • Kva er "hardt" vatn? Korleis kan hardleiken til vatnet påverke organismane som lever der?

  • Vurder aktuelle tiltak som kan setjast i verk for eventuelt å betre tilstanden i innsjøen.

  • Korleis kan næringsinnhaldet i innsjøen påverke førekomsten av plankton og andre organismar?

  • Korleis kan menneskeleg aktivitet påverke næringsinnhaldet i denne innsjøen?


CC BY-SASkrive av Kjell Åke Augestad og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i ferskvatn