Hopp til innhald

Fagstoff

Om feltarbeid i ferskvatn

Vatnet i innsjøar, bekkar og elver inneheld lite salt og blir derfor kalla ferskvatn. Eigenskapane til slike ferskvassøkosystem heng saman med mellom anna høgd over havet, terrengforhold, jordsmonn, årstid og menneskeleg aktivitet.
Innsjø i fjellandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innsjøtypar – næringsfattig eller næringsrik

Norske innsjøar blir gjerne delte inn i ulike typar. Dei kan vere

  • oligotrofe, det vil seie næringsfattige
  • eutrofe, det vil seie næringsrike
  • dystrofe, det vil seie myraktige og -rike
Innsjø med store mengder plantar i vasskanten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudforskjellen mellom oligotrofe og eutrofe innsjøar er konsentrasjonen av næringsstoff, først og fremst konsentrasjonen av og . Dei oligotrofe innsjøane har låge konsentrasjonar av desse næringsstoffa. Dei har likevel høg oksygenkonsentrasjon i heile vassøyla og forholdsvis lang siktedjupn. Det motsette gjeld for dei eutrofe innsjøane: Dei har gjerne høge konsentrasjonar av nitrat og fosfat, men kortare siktedjupn. I tillegg har eutrofe innsjøar lågare oksygenkonsentrasjon enn oligotrofe innsjøar.

Myrputt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dystrofe innsjøar finn vi i myrområde. Innsjøane har lågt næringsinnhald og avgrensa siktedjupn fordi -partiklar gir vatnet ein brunaktig farge.

Vasskjemien påverkar organismane

Vasskjemien i ein innsjø har betydning for kva artar av både dyre- og planteplankton vi finn i innsjøen. Dette påverkar igjen kva vasslevande dyre- og fiskeartar vi finn der. Innsjøar får tilførsel av næringsstoff frå elver og bekkar som renn ut i innsjøen. Dei får òg tilsig av næringsstoff både frå områda rundt og frå berggrunnen. I tillegg er vasskjemien avgjerande for kva vegetasjon som veks både i og omkring innsjøen.

Type

Vasskjemi

Plantar og dyr

næringsfattig (oligotrof) innsjø

Lite nitrat og fosfat. Oksygenrikt vatn. Lang siktedjupn.

Få artar av plantar og planteplankton. Aure, røye og sik er vanlege fiskeartar.

næringsrik (eutrof) innsjø

Mykje nitrat og fosfat. Oksygenfattig vatn i botnområde. Kort siktedjupn.

Mange artar av plantar og planteplankton. Åbor, gjedde og karpefiskar er vanlege fiskeartar.

myrvassjø (dystrof)

Høgt humusinnhald. Oksygenfattig vatn. Brun farge. Låg pH.

Få planteartar, men torvmosane er talrike. Barskog og myr i områda rundt.

Årstidene i ein innsjø

Førekomsten av næringsstoff, oksygen og artar i ein innsjø varierer gjennom året. Vind og temperatur bidreg til ei såkalla omrøring av vatnet både om våren og om hausten. Dette gjer at næringsstoff frå botnen kan fraktast opp i vassøylene, og at oksygenrikt vatn frå overflata kjem ned til botnområda i innsjøen.

Elver og bekkar – ferskvatn i farta

Elv renn i fjellandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elver og bekkar skil seg frå innsjøar ved at vatnet er i stadig bevegelse. Generelt vil vassfarten minke etter kvart som elva nærmar seg utløpet sitt. I tillegg blir vassfarten påverka av breidda og djupna på elva.

Viss vi tenkjer oss at ei elv startar i fjellet, vil elva ofte bestå av samfunn med få artar. Artane som finst der, har ikkje strenge krav til næringa dei tek til seg. Dei er med andre ord . Lenger ned i vassdraget blir samfunna meir artsrike, og vi finn fleire artar som er .

Tverrsnitt av landskap med fjell og elv i 3D. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Norsk institutt for naturforskning. (2002). Biologisk mangfold i ferskvann. Regional vurdering av sjeldne dyr og planter. Henta 3. april 2021 frå https://www.nina.no/archive/nina/pppbasepdf/temahefte/021.PDF

Universitetet i Oslo. (2016). Feltbiologi for lærere som underviser i naturfag og biologi. Henta 21. mars 2021 frå https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/feltbiologi-mai-2016.PDF

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Kjell Åke Augestad.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i ferskvatn