Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: prøvefiske

Når vi fiskar for å skaffe mat, vil vi helst få så stor fisk som mogleg. På eit prøvefiske handlar det derimot om å fange fisk av ulike storleikar, årsklassar og artar for å få eit mest mogleg representativt bilete av fiskepopulasjonane i innsjøen.
Garn med fisk blir trekt opp i grøn båt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de kartleggje fiskebestandane i ein innsjø ved å prøvefiske med garn.

Kunnskap om fiskebestanden gir verdifull informasjon

Målet med eit prøvefiske er å fange fisk som utgjer eit representativt utval av fiskebestandane i innsjøen. For å få fanga fisk i ulike storleikar og årsklassar kan vi setje fleire garn med ulike maskevidder eller bruke eit spesialgarn/forskingsgarn som har ulike maskevidder i seksjonar.

Maske i fiskegarn tegne som en skjev firkant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

Før de set garn, må de få løyve frå grunneigar, anten dette er ein privatperson eller det offentlege. Ta kontakt med miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren for å finne ut om de må søkje om løyve til å bruke spesialgarn/forskingsgarn.

Framgangsmåte

Del 1. Setje og trekkje garn

  1. Set garna 1–2 døgn før trekking.

  2. Merk av på kartet der de set garn.

  3. Trekk garna, og frakt fisken tilbake til skulen i plastsekkar eller plastbakkar. Fisken kan gjerne frysast ned viss de ikkje skal undersøkje han med det same.

Del 2. Registrere

Artsbestemming

Finn ut kva art dei enkelte fiskane høyrer til. Bruk bestemmingslitteratur eller appen Artsorakel.

Lengd

Mål lengda på fiskane i millimeter. Bruk linjal eller måleband.

Lengda på ein laksefisk blir målt med linjal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vekt

Bruk ei eigna vekt til å vege fisken. Til små individ kan de bruke ei kjøkkenvekt eller analysevekt. Til større individ er ei digital fiskevekt eit godt alternativ.

Alder

Ovalar dannar eit mønster som minner om eit fingeravtrykk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å vurdere alderen til fisken kan de ta skjelprøver frå ryggen (i området ved ryggfinnen, dersom det er snakk om aure). Skrap forsiktig med ein skalpell.

Legg eit skjel på eit objektglas med dekkglas over. Bruk mikroskop for å observere vekstsoner for sommar- og vintervekst i skjela. Det kan vere vanskeleg å få til dette med ein gong. Prøv fleire gonger, og ver tolmodig.

Skjel-liknande beinstruktur med ovale felt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre moglege metodar for aldersbestemming er å studere øyresteinen (otolitten) til fisken, eller beinstrukturar som gjellelokk og skulderbein.

De kan lese meir om desse metodane i Kompendium for prøvetaking av fisk frå Miljølære.no.



K-faktor

K-faktor er det same som kondisjonsfaktor og blir brukt som eit mål på om ein fisk er i god eller dårleg form (kondisjon). K-faktoren kan bereknast ut frå lengd og vekt på fisken:

K=m(l10)3·100 der m = vekt i gram og l = lengd i mm

For aure er K-faktor over 1 eit teikn på god kondisjon.

K-faktor

Tilstand/kondisjon

< 0,90

mager

0,95

middels

1,00

god kvalitet

1,10

svært god kvalitet

1,20

svært feit fisk

Til feltrapporten

  • Kva for nokre abiotiske og biotiske faktorar blir fisk i denne innsjøen påverka av?
  • Korleis påverkar fisken dei abiotiske og biotiske forholda i innsjøen?
  • Finn døme på konkurranse i innsjøen. Korleis kan konkurranse påverke storleiksfordelinga i fiskepopulasjonane?
  • Presenter resultata oversiktleg i tabellform eller som grafar, eller ein kombinasjon av desse:

    • maskevidd

    • lengd og vekt på fisken

    • k-faktor

    • art

    • mengd fiskar i ulike storleiksklassar

  • Kva blei den gjennomsnittlege k-faktoren på fiskane?

  • Kan k-faktoren seie nokon om kva type innsjø fisken er fanga i?

  • Fekk de fleire ulike fiskeartar? Kan dette seie noko om kva type innsjø de fiska i?

  • Lag ei oppsummering av tilstanden til innsjøen.

  • Kva råd ville de gitt med tanke på forvaltning av dei ulike fiskebestandane i innsjøen?

  • Korleis kan k-faktoren bli høgare?


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Åke Augestad og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i ferskvatn