Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: plankton i innsjøen

Plankton er små organismar som lever i vatn. Det finst dyreplankton og planteplankton, og alle er viktig føde for andre organismar. Førekomst av plankton i ein innsjø kan gi ein indikasjon på næringsinnhaldet.
Hand vrir på hendel i botnen av ei trakt som blir halden over opninga til ei plastflaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

I denne oppgåva skal de samle inn plankton for å bli kjende med ulike planktonartar, og bruke plankton som ein indikator på næringsinnhaldet i ein innsjø.

Kort om plankton

Plankton kjem frå det greske orda "planktonos", som betyr å drive omkring. Mange planktonartar kan ikkje bevege seg sjølve og kan berre flytte seg ved å følgje straumen i vassmassane.

Planteplankton – eincella algar

Koloni av gullalgar med flagellar. Foto.

Planteplankton er mikroskopiske og eincella algar som svevar fritt i vassmassane. Dei er plantar og treng sollys, CO2 og næringsstoff i vatnet for å vekse. Blågrønbakteriar, fureflagellatar, augealgar og kiselalgar er døme på viktige grupper av planteplankton. Førekomst av ulike typar planteplankton kan gi informasjon om næringsinnhaldet (trofigraden) i innsjøen: Blågrønbakteriar og grønalgar trivst best i næringsrike innsjøar, mens gullalgar klarer seg godt i næringsfattige innsjøar.

Dyreplankton – små dyr

Gjennomsiktig dyreplankton med mørke, ovale felt. Foto.

Dyreplankton er små dyr som lever i dei frie vassmassane, det vil seie under vassoverflata, men ikkje på botnen. Dyreplankton et planteplankton og er sjølve næring for insekt og planktonetande fisk. Slik sett er dei ein viktig del av næringskjeda i innsjøen. Vasslopper, hoppekreps og hjuldyr er viktige grupper av dyreplankton.

Førekomst av store vasslopper tyder på at vatnet ikkje er overgjødsla. Vassloppene beitar effektivt på planteplanktonet og hindrar at vatnet blir grumsete. Mange vassloppeartar er sårbare for forsuring og kan dermed vere ein indikator på surt vatn.

Artssamansetjinga hos dyreplankton blir òg påverka av rovdyra i innsjøen.

Håv festa til line blir trekt gjennom vatnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. For å samle plankton bruker de ein planktonhåv som de tauar etter ein båt eller trekkjer frå land.
  2. Tauet som planktonhåven heng i, bør vere minst 20 meter langt, gjerne endå meir. Pass på at de festar tauet i båten eller har ei dobbe (eller noko anna som flyt), slik at de ikkje mistar håven. Dersom de ikkje bruker båt, kan de trekkje håven over ei bukt eller frå ei bryggje inn mot land.
  3. Pass òg på at håven blir taua langsamt og jamt, helst i område der vêr og vind har pressa plankton mot land, slik som inne i ei bukt med svak vind som blæs inn mot land.
  4. Tau håven langsamt og jamt i 5–10 minutt før de dreg han opp.
  5. Når tauinga er unnagjort, vrengjer de håven og tømmer (og skyl) innhaldet i silen ned i ein plastbehaldar.
  6. Gjenta innsamlinga fleire gonger dersom de ikkje får inn mykje plankton i det første trekket.
  7. Det kan vere lurt å sile prøva gjennom eit silsett som sorterer planktonet etter storleik. Deretter kan prøvene fikserast på sprit, slik at de kan studere dei i klasserommet seinare.
  8. Tilbake på laben studerer de planktonprøvene med lupe eller mikroskop.
  9. Identifiser kva for nokre systematiske klassar planteplanktonet høyrer til, slik som kiselalgar, grønalgar og flagellatar.
  10. Forsøk å identifisere ulike grupper med dyreplankton.

Tips: Ta mikroskopbilete med mobiltelefonen

Ved å halde mobiltelefonen i passande avstand frå okularet på mikroskopet kan du ta skarpe bilete.

For å fiksere avstanden kan du bruke ein dorull eller liknande. Prøv deg fram for å finne den riktige avstanden.

Til feltrapporten

  • Lag oversikter (tabellar eller grafar) over grupper av dyre- og planteplankton som de har funne.

  • Presenter nokre av gruppene av plante- og dyreplankton med bilete og korte skildringar. Finn døme på organismar som har dette planktonet som føde.

  • Korleis kan førekomst av ulike grupper av plante- og dyreplankton gi indikasjonar på miljøtilstanden i innsjøar? Gi døme.

  • Vurder næringsinnhaldet i innsjøen ut frå førekomsten av plante- og dyreplankton. Samanlikn det de kjem fram til, med eventuelle målingar de har gjort av næringsinnhald i feltarbeidet næringsinnhald i innsjøen.

  • Finn innsjøen de har undersøkt, i kartet frå Miljøstatus, her filtrert på vassmålingar – kjemi og biologi. Undersøk om målingane av næringsinnhald her stemmer med det de har funne om trofigraden til innsjøen, med bakgrunn i førekomsten av plankton.

Kjelder

miljolare.no. (u.å). Dyreplankton i ferskvann. Henta 9. mars 2021 frå https://www.miljolare.no/aktiviteter/vann/natur/vn19/ferskvannszooplankton.php

miljolare.no (u.å). Planteplankton i ferskvann. Henta 9. mars 2021 frå https://www.miljolare.no/aktiviteter/vann/natur/vn19/ferskvannsfytoplankton.php

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Alf Jacob Nilsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i ferskvatn