Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: virvellause dyr i innsjøen

Innsjøen er eit viktig leveområde for mange virvellause dyr. Nokre av artane lever heile livet i vatn, mens andre forlèt vatnet etter å ha gjennomgått dei første stadia i livssyklusen sin. Fleire av artane vi finn her, har heilt spesielle tilpassingar til eit liv i og ved vatn.
Oransje håv blir halden over grønt gras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de samle inn og undersøkje virvellause dyr som lever i og ved ein innsjø.

Framgangsmåte

Del 1. Innsamling av dyr

Døgnfluge som sit på ein finger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • De kan samle dyr ved å plukke direkte frå vegetasjonen i og ved innsjøen. Bruk pinsett og insektsugar.

  • Ein annan metode kan vere å leggje ein kvit duk under eit tre eller ein busk og banke/riste på treet eller busken. Etterpå kan de samle opp dyr som har falle ned på duken.

  • Ein sommarfuglhåv er fin å bruke for å fange flygande insekt som sommarfuglar, augestikkarar og vassnymfer.

  • Ta sedimentprøver (botn/mudder) ved hjelp av håv med metallgitter/sil. Overfør prøvene til plastbakkar. Skyl med vatn, og undersøk om de finn nokon dyr.

  • Samle det de finn av vasslevande dyr, i småboksar (med vatn). Viss de skal ta vare på dyra til seinare, må dei avlivast med sprit. Det er òg mogleg å ta vare på dyra levande viss de har eit akvarium eller liknande på skulen.

Del 2. Artsbestemming på laboratoriet

Bruk oversiktene i lenkjene under til å bestemme kva de har funne.

Resultat

Svart edderkopp med oransje striper ligg i handflata til ein person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag oversikter som viser kva dyr de fann. De kan til dømes sortere organismane i systematiske grupper som

  • krepsdyr (klasse)

  • blautdyr (rekkje)

  • leddormar (rekkje)

  • insekt (klasse)

  • edderkoppdyr (klasse)

eller ta utgangspunkt i korleis dyra skaffar seg næring (om dei er planteetarar, rovdyr eller nedbrytarar).

Bruk bilete eller preparat av innsamla insekt i oversiktene de lagar.

Spørsmål

  1. Kan utvalet av dyr de fann, seie noko om kva slags type innsjø de har arbeidd i?

  2. Korleis kan dei virvellause dyra påverke andre levande organismar i innsjøen? Kan dei virvellause dyra påverke dei abiotiske forholda? Forklar.

  3. Nokre insekt gjennomgår ei såkalla ufullstendig forvandling (hemimetabol) i løpet av livssyklusen sin. Kva betyr det? Finn ut kva insekt dette gjeld. Fann de nokon av desse i eller ved innsjøen?

  4. Kva kjenneteiknar insekt som gjennomgår fullstendig forvandling (holometabol)?

  5. Nokre insekt lever heile livet sitt i vatn. Det gjeld mellom anna vasskalvar og buk- og ryggsymjarar. Samanlikn utsjånad og oppbygning hos vasslevande insekt med insekt som lever på land. Kva forskjellar finn de? Kva seier dette om tilpassing til eit liv i vatn og på land?

  6. Insekt som lever heile livet i vatn, har venger – til liks med dei fleste andre insekt. Kvifor har dei det når dei lever i vatn? Kunne dei klart seg utan venger? Forklar.

  7. Kva et dei virvellause dyra? Finn døme på kjøtetarar, planteetarar, altetarar og nedbrytarar. Et alle virvellause dyr det same gjennom heile livssyklusen sin?

  8. Kor fann de flest dyr? Lever det dyr på alle djupner i innsjøen? Korleis er dei biotiske og abiotiske forholda der de fann flest artar?

  9. Kva skjer med dei virvellause dyra om vinteren?

  10. Finn døme på tilpassingar hos ulike grupper av dyr. (vassløpar, vasskorpion og vassedderkopp).

  11. At ein art har aldersstadium som er svært ulike, kan vere ein god strategi med tanke på tilpassing til ulike nisjar. Finn døme på dette, og forklar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Åke Augestad og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i ferskvatn