Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om formeiring hos mennesket

Bruk det du kan frå ulike delar av faget, til å løyse desse refleksjonsoppgåvene om formeiring hos mennesket.

Oppgåve 1. Menstruasjon


  1. Forklar mekanismen der hormon frå hjernen og eggstokkane verkar saman og fører til menstruasjon.

  2. Bruk figuren til å svare på spørsmåla:

    1. Kva hormon har størst innverknad på tidspunktet for når follikkelen sprekk?

    2. Kva hormon har størst påverknad på utviklinga av livmorslimhinna?

Grafar og tverrsnitt av livmor som viser ulike stadium i menstruasjonssyklusen over 28 dagar. Follikelen sprekk halvveges i perioden. FSH og LH aukar før dette, mens østradiol og progesteron aukar mest i siste halvdel av perioden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Mennesket er ein av få artar som har menstruasjon. Kvifor er det slik, trur du?

Oppgåve 2. Endometriose

Endometriose er ein tilstand der vev som liknar på det som slimhinna i livmora består av, veks utanfor livmora. Det kan til dømes vere i eggleiarar og eggstokkar. Gi ei forklaring på kvifor endometriose kan gi auka sjanse for infertilitet hos kvinner som blir ramma.

Oppgåve 3. Anabole steroid og negativ tilbakekopling

Anabole steroid er ein samlenemning for kunstig framstilte variantar av testosteron. Desse kan påverke testosteronproduksjonen i testiklane. Bruk det du kan om negativ tilbakekopling, og beskriv kva som kan skje med produksjonen av testosteron i testiklane viss ein person bruker store mengder anabole steroid.

Oppgåve 4. P-piller

  1. Finn ut korleis p-piller for kvinner verkar.

  2. Lenge har ein prøvd å utvikle p-piller for menn. Kvifor har ein ikkje lykkast med dette så langt, trur du?

Oppgåve 5. Opninga i livmorhalsen

Kurve som viser korleis opninga i livmorhalsen blir påverka av konsentrasjonen av oksytocin. Oksytocinnivået stig fram til ca. 4 cm opning, deretter søkk det fram til ca. 8 cm opning, og deretter stig det svakt. Graf.

Grafen viser nivået av oksytocin og opninga i livmorhalsen under fødsel.

Bruk informasjonen i grafen til å forklare samanhengen mellom oksytocinnivå og opning i livmorhalsen.

Hint

Kvifor blir opninga i livmorhalsen større sjølv om nivået av oksytocin ikkje aukar?

Oppgåve 6. Oksytocin under og etter fødsel

Kurve som viser at nivået av oksytocin går veldig mykje opp og ned i løpet ein fødsel. Graf.

Oksytocin er eit hormon som gjer at musklane rundt livmora trekker seg saman.

  1. Bruk grafen til å beskrive kva som skjer med musklane rundt livmora i løpet av desse ti minutta av ein fødsel.

  2. Ved amming etter fødselen blir utskiljing av oksytocin stimulert. Kva hensikt kan det ha?

Oppgåve 7. Assistert befruktning

Bioteknologilova opnar for at lesbiske og einslege kan få barn ved hjelp av assistert befruktning. Tidlegare var ikkje dette tillate. Kva meiner de om dette? Kva med homofile menn?

Oppgåve 8. Sæd- og eggdonasjon

Bruk bioteknologilova og finn ut kva reglar som gjeld for donasjon av sæd og egg.

Kjelder

Norsk helseinformatikk. (2021, 20. desember). Endometriose. https://nhi.no/sykdommer/kvinne/ulike-sykdommer/endometriose/

OpenStax. (2018, 28. mars). Critical thinking questions. Henta 9. november 2022 frå https://openstax.org/books/biology-ap-courses/pages/34-critical-thinking-questions

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023

Læringsressursar

Formeiring hos mennesket