Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – formeiring hos mennesket

Dette samandraget gir deg oversikt over det mest sentrale stoffet i emnet om formeiring hos mennesket.
Gut som skal bli storebror, kyssar magen til mamma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forplantningssystemet

  • Forplantningssystemet består av kjønnsorgana og dei cellene og hormona som blir produserte her.

  • Kjønnsorgana bidreg til effektiv overføring av kjønnsceller, og dermed til auka sjanse for vellykka befruktning. I tillegg har dei følsame område som kan gi ei behageleg kjensle ved stimulering.

Kjønnsorgana til kvinna

Dei ytre kjønnsorgana hos kvinner er hovudet til klitoris og kjønnsleppene. Skjeden, livmora, eggleiarane og eggstokkane kan vi ikkje sjå på utsida. Desse høyrer dermed til dei indre kjønnsorgana hos kvinner.

Kjønnsorgana til mannen

Dei ytre kjønnsorgana hos menn er penis og pung. I pungen ligg testiklane, bitestiklane og delar av sædleiarane. Sjølv om desse organa ligg i pungen, blir dei rekna som indre kjønnsorgan, sidan vi ikkje kan sjå dei.

Graviditet

Å vere gravid betyr at ein "er med barn". Det vil seie at ein har eit foster som utviklar seg, inne i kroppen sin.

Eggløysing

Eggløysing inneber at eit modent egg losnar frå eggstokken. Dette skjer vanlegvis 14 dagar etter siste menstruasjonsbløding.

Samleie

For at ei kvinne skal bli gravid, må ei eggcelle bli befrukta av ei sædcelle. Dette kan skje når ei kvinne og ein mann har samleie, eller ved assistert befruktning.

Befruktning

Befruktning kan skje viss ei eggcelle blir befrukta i perioden rett etter eggløysinga. Viss det befrukta egget festar seg i livmora hos kvinna (implantasjon), blir ho gravid.

Seksualitet

Hos mennesket handlar seksualitet om mykje meir enn å lage barn og formeire seg. Seksualitet handlar om det å nyte kropp, kjensler, tankar og aktivitetar.

Assistert befruktning

Assistert befruktning er ei samlenemning på ulike medisinske metodar som blir brukte for å befrukte eggceller som eit alternativ til unnfanging ved samleie.

Så langt det lar seg gjere, bruker ein egg- og sædceller frå mora og faren til det kommande barnet. Viss dette ikkje er mogleg, kan ein bruke egg- eller sædceller frå ein donor.

Assistert befruktning kan også nyttast viss familien til mor eller far har ein alvorleg arveleg sjukdom som dei ikkje ønskjer å føre vidare. I slike tilfelle er det mogleg å ta ein gentest av eit befrukta egg før det blir sett inn i livmora.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2022

Læringsressursar

Formeiring hos mennesket