Hopp til innhald

Fagstoff

Forplantingssystemet

Forplantingssystemet består av kjønnsorgana og dei cellene og hormona som blir produserte her. Kjønnsorgana bidreg til effektiv overføring av kjønnsceller, og dermed til auka sjanse for vellykka befrukting. I tillegg har dei følsame område som kan gi ei behageleg kjensle ved stimulering.
Foto av kvinne og mann som er nakne og står ved sida av kvarandre
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjønnsorgan til nytte og glede

Kjønnsorgana våre produserer hormon i tillegg til å lage og lagre kjønnsceller. Hos kvinner blir delar av kjønnsorganet òg brukte til å ta vare på fosteret under svangerskapet.

Biologisk sett er føremålet med forplantinga å føre arten vidare. Men i tillegg til å sørgje for overføring av kjønnsceller har kjønnsorgana følsame område som kan gi ei behageleg kjensle når ein rører ved (stimulerer) dei. Det gjer at vi får lyst til å ha sex. Dette kan skje i kombinasjon med inntrykk frå andre sansar, til dømes viss vi ser noko vi blir seksuelt opphissa av.

Sex kan vere alle handlingar som gjer deg seksuelt opphissa, og omfattar ikkje berre samleie.

Kjønnsorgana til kvinna

Dei ytre kjønnsorgana hos kvinner er hovudet til klitoris og kjønnsleppene. Skjeden, livmora, eggleiarane og eggstokkane kan vi ikkje sjå på utsida. Desse høyrer dermed til dei indre kjønnsorgana hos kvinner.

Ytre kjønnsorgan

  • klitoris

  • kjønnslepper

Indre kjønnsorgan

  • skjede (vagina)

  • livmor

  • eggleiarar og eggstokkar

Klitoris

Skjematisk teikning av klitoris

Klitoris består av eit klitorishovud og to greiner med svampvev som blir fylte med blod og svulmar opp når kvinner blir seksuelt stimulerte. Klitoris hos kvinna er parallellen til penis hos mannen. Klitoris er eit veldig følsamt organ og viktig for at kvinna skal bli seksuelt opphissa. Det er berre ein liten del av klitoris, det såkalla klitorishovudet, som er synleg.

Nærbilete av kjønnslepper

Kjønnslepper

Klitoris, urinrøyrsopninga og vaginalopninga er omgitt av hudfaldar – dei ytre og indre kjønnsleppene. I puberteten blir dei ytre kjønnsleppene dekte av kjønnshår. Djupt inne i kjønnsleppene finst det svampvev som kan svulme opp, og kjertlar som kan skilje ut ei væske ved seksuell stimulering. Utsjånaden på kjønnsleppene varierer mykje frå person til person.

Kjønnslemlesting

I nokre land i Afrika og Asia kan klitoris og delar av indre kjønnslepper bli skorne vekk. Andre gonger kan delar av kjønnsleppene bli sydde saman. Dette blir kalla kjønnslemlesting, og det er forbode i Noreg og mange andre land.

Kjønnslemlesting er ein praksis som er kulturelt forankra. Det finst inga medisinsk grunngiving for kjønnslemlesting, og det medfører varig skade på kvinna.

Les meir om kjønnslemlesting: https://kjonnslemlestelse.nkvts.no/

Skjede (vagina)

Skjeden er ein kanal på omtrent ti centimeter. Han knyter saman dei ytre og indre kjønnsorgana hos kvinna. Muskulaturen i skjeden er veldig tøyeleg. Det gjer at skjeden kan utvide seg betydeleg når kvinna føder.

Livmor

Livmora er ein muskel på storleik med ei pære. Ho dannar eit holrom som munnar ut i to eggleiarar. Innsida er kledd med ei slimhinne som varierer med menstruasjonssyklusen.

Visste du at …?

Platon var ein av dei største filosofane i antikkens Hellas. Han hadde mange gode idéar, men nokre gonger tok han heilt feil òg. Han hevda mellom anna av livmora var eit dyr som kunne bevege seg rundt i kvinna og forårsake sjukdom.

Eggleiarar og eggstokkar

Eggleiarane går ut til kvar side på toppen av livmora. Dei endar i ein traktforma struktur med frynsete kant. Denne trakta fangar opp egg som blir frigjorde frå eggstokken. Alle egganlegga blir danna på fosterstadiet. Hos kjønnsmodne kvinner modnast eitt egg kvar månad.

Kjønnsorgana til mannen

Dei ytre kjønnsorgana hos menn er penis og pung. I pungen ligg testiklane, bitestiklane og delar av sædleiarane. Sjølv om desse organa ligg i pungen, blir dei rekna som indre kjønnsorgan, sidan vi ikkje kan sjå dei.

Ytre kjønnsorgan

  • penis

  • pung

Indre kjønnsorgan

  • testiklar og bitestiklar

  • sædleiar og urinrøyr

Penis

Penis omgir urinrøyret og består av to såkalla svamplekamar. Når penis blir seksuelt stimulert, blir svamplekamane fylte med blod. Penis går då frå å vere slapp til å bli stiv og oppreist (ereksjon), slik at det kan gå sæd gjennom urinrøyret når mannen får utløysing. Når penis er slapp, kan urin passere gjennom urinrøyret når menn tissar. Storleiken og forma på penis varierer mykje frå person til person, både når han er slapp og når han er stiv.

Foto som viser utsnitt av mannskropp med penis og pung

Penishovudet er tuppen av penis og det mest følsame området på penis. Penishovudet er dekt av forhud, som kan trekkjast fram og tilbake.

Omskjering

Ved omskjering av gutar blir forhuda fjerna. Dette er ein praksis som er vanleg i enkelte kulturar og religionar.

Pung

Pungen består av hudfaldar som har form som ein sekk, og inneheld testiklane, bitestiklane og starten på sædleiarane. Funksjonen til pungen er å halde temperaturen i testiklane to til tre grader lågare enn resten av kroppen. For at sædcellene skal utvikle seg, må temperaturen vere omtrent tre grader lågare enn kroppstemperaturen på 37 grader.

Testiklar og bitestiklar

Illustrasjon av sædcelle med hovud, midtdel og piskeliknande hale
Opne bilete i eit nytt vindauge

Testiklane produserer sædceller og hormon, og dei består av mange tynne og buktande sædkanalar.

Kvar dag kan det produserast fleire hundre millionar sædceller. Utviklinga av sædcellene tek cirka ti veker, og den siste delen av modninga skjer i bitestiklane.

Sædleiarar og urinrøyr

Ved utløysing blir sædcellene som ligg lagra i bitestiklane og første del av sædleiaren, transporterte gjennom sædleiaren og ut i urinrøyret. På vegen ut blandar sædcellene seg med væske frå mellom anna .

Utvikling av kjønnsorgana

Foto av noko som kan utvikle seg til anten penis eller klitoris
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjønnsorgana til både menn og kvinner har lik utvikling i livmora, heilt til hormonet testosteron blir skilt ut. Testosteron gjer at vev utviklar seg til mannlege kjønnsorgan. Fråvære av testosteron vil gi kvinnelege kjønnsorgan. Vevet som blir til klitoris hos kvinner, er det same vevet som utviklar seg til penis hos menn. Tilsvarande utviklar vevet som blir til kjønnslepper hos kvinner, seg til pungen hos menn.

Strukturar som svarer til kvarandre hos kvinner og menn

Kvinner

Menn

Ytre kjønnslepper

Pung

Klitoris

Penis

Eggstokk

Testikkel

Kjelder

Helsedirektoratet. (2022). Zanzu, min kropp i ord og bilder. Henta 17. februar 2022 frå https://zanzu.no/no/

Holck, P. og Nesheim, B.-I. (2021, 27. oktober). Kjønnsorganene. I Store medisinske leksikon. Henta 7. februar 2022 frå https://sml.snl.no/kj%c3%b8nnsorganene

Holck, P. (2021, 23. august). Pungen. I Store medisinske leksikon. Henta 7. februar 2022 frå https://sml.snl.no/pungen

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. (u.å). Veiviseren om kjønnslemlestelse. Henta 17. februar 2022 frå https://kjonnslemlestelse.nkvts.no/

OpenStax. (2018, 28. mars). Human Reproductive Anatomy and Gametogenesis. Henta frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/11-2-sexual-reproduction

Sex og samfunn. (u.å.). Omskjæring. Henta 17. februar 2022 frå https://sexogsamfunn.no/kropp/omskjaering/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Formeiring hos mennesket