Hopp til innhald

Fagstoff

Graviditet

For at ei kvinne skal bli gravid, må ei eggcelle bli befrukta av ei sædcelle. Dette kan skje når ei kvinne og ein mann har samleie, eller ved assistert befrukting. Viss det befrukta egget fester seg i livmora hos kvinna, blir ho gravid.

Korleis blir ein gravid?

Å vere gravid betyr at ein "er med barn", altså at ein har eit foster som utviklar seg inne i kroppen sin. Ein graviditet (eit svangerskap) er den tida fosteret er i livmora. Det vil seie tida mellom befrukting og fødsel.

For at ei kvinne skal bli gravid, må ei rekkje faktorar vere på plass:

  • eggløysing

  • samleie eller assistert befrukting

  • befrukting

Eggløysing – egg klart til befrukting

Eggløysing inneber at eit modent egg losnar frå eggstokken. Dette skjer vanlegvis 14 dagar etter siste menstruasjonsbløding. Menstruasjonssyklusen og eggløysinga blir styrte av hormon:

Grafer og tverrsnitt av livmor som viser ulike stadier i menstruasjonssyklusen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Framlappen til hypofysen skil ut follikkelstimulerande hormon (FSH), som set i gang modninga av .

  2. Når folliklane begynner å bli modne, skil dei ut østradiol, som gjer at egget i éin av folliklane modnast.

  3. Østradiol gir beskjed til hjernen (hypofysen) om at utviklinga går som ho skal.

  4. Med ein straum av luteiniserande hormon (LH) sender hjernen beskjed om at egget er modent, og at follikkelen skal sprekke. Egget blir frigjort og ført inn i eggleiaren.

  5. Det som er igjen av follikkelen etter eggløysinga, blir kalla den gule lekamen og bidreg til at produksjonen av progesteron aukar. Viss ikkje egget blir befrukta innan 24 timar, vil det døy og bli støytt ut av kroppen gjennom menstruasjonsblødinga. Mengda progesteron blir redusert, og heile prosessen blir nullstilt for så å starte på nytt.

Kvifor har vi mensen?

Menstruasjonsbløding er energikrevjande og ofte ubehageleg og smertefullt for kvinna. Kva er poenget med denne tilpassinga? Kvifor er det nesten berre mennesket, av alle pattedyr, som har mensen?

Samleie – overføring av sæd til skjeden

Når mannen blir seksuelt opphissa, vil svampelekamane i penis bli fylte med blod og gjere han stiv. Dette blir kalla ereksjon. Når kvinna blir opphissa, blir skjeden våt, noko som gjer det lettare for penis å trengje inn. (Svamplekamane i klitoris blir fylte med blod, noko som gjer klitoris stiv.) Når den seksuelle opphissinga når eit høgdepunkt, orgasme, får mannen utløysing. Då blir sæden tømd over i skjeden hos kvinna. Orgasmen til kvinna kan mellom anna gi samantrekkingar og muskelspenningar rundt skjeden, og desse hjelper sædcellene med å trengje lenger inn i livmorhalsen. Derfrå kan sædcellene symje inn i livmora og vidare ut i eggleiarane.

Befrukting – sædcellene møter egget

Befrukting kan skje viss ei eggcelle blir befrukta i perioden rett etter eggløysinga. Dette er vanlegvis 14 dagar etter siste menstruasjon. Egget følgjer eggleiaren ned mot livmora. Viss du har samleie i denne perioden, kan sædcellene kome inn til livmora og ut i eggleiarane. Der kan dei treffe på det modne egget.

Illustrasjon som viser sædcelle på veg inn i eggcelle

Dei sædcellene som kjem fram til egget, skil ut eit enzym som gjer at det beskyttande cellelaget rundt egget blir løyst opp. Idet den første sædcella kjem inn til eggcella, blir tilgangen til eggcella stengd for dei andre sædcellene. Eggcella er befrukta.

Den befrukta eggcella kjem fram til livmora 2–4 dagar etter befrukting. Ho går på denne tida gjennom fleire celledelingar. I løpet av 7–8 dagar har ho blitt til ein celleklump med eit væskefylt holrom, ein . Etter nokre få dagar fester blastocysten seg til livmorveggen (implantasjon).

Graviditetstestar

Foto av jente som ser på resultatet etter å ha teke ein graviditetstest
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du har blitt gravid, vil det befrukta egget som har fest seg i livmorslimhinna, begynne å produsere hormonet hCG. hCG gjer at nivået av progesteron ikkje blir redusert, og hindrar dermed kroppen i å setje i gang ein ny menstruasjonssyklus.

Ein graviditetstest registrerer førekomst av hCG i urinen, og eit positivt utslag tyder på at ein er gravid.

Befrukting ved samleie eller assistert befrukting

Befrukting skjer vanlegvis ved samleie, men viss ein treng hjelp, kan ein bruke assistert befrukting. Ved assistert befrukting etterliknar ein prosessane som framkallar eggløysing, tek ut egg frå kvinna og befruktar desse med sædceller utanfor kroppen.

Implantasjon – det befrukta egget fester seg

Blastocysten utviklar etter kvart fingerliknande tottar som veks ned i livmorveggen. Det er desse som etter kvart utgjer morkaka. Det veks blodårer frå fosteret og ut i tottane. Stoffutvekslinga mellom mor og foster skjer ved diffusjon gjennom desse blodårene, og blodomløpet til mor og foster er berre skilt av eitt cellelag. Avfallsstoff frå fosteret passerer over i blodet til mora, mens næringsstoff og oksygen går den andre vegen.

Illustrasjon som viser utsnitt av foster og morkake i kroppen til mor
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå nærare på morkaka

I denne korte filmen lærer du kva fosteret treng morkaka til. Du får òg sjå nærare på oppbygginga til ei nesten heilt fersk morkake.


Fødsel – 283 dagar seinare

Frå befruktinga skjer, til fosteret er ferdig utvikla, går det vanlegvis 38 veker (283 dagar etter siste menstruasjon).

Progesteron blir produsert i morkaka under svangerskapet. Dette hormonet gjer at muskulaturen i livmora slappar av. Når fødselen nærmar seg, skjer det noko med reseptoren for progesteron. Det gjer at effekten av hormonet avtek. Samtidig aukar utskiljinga av oksytocin, som gjer at livmora trekkjer seg saman og fødselen startar.

Relatert innhald

Kjelder

Bjålie, B. G., Haug, E., Sand, O. & Sjaastad, Ø. V. (2018). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Gyldendal Akademisk.

Romundstad, L. B. (2021, 20. februar). Assistert befruktning. I Store medisinske leksikon. Henta 7. februar 2022 frå https://sml.snl.no/assistert_befruktning#:~:text=P%c3%a5%20de%20norske%20fertilitetsklinikkene%20utf%c3%b8res,av%20alle%20f%c3%b8dte%20i%20Norge.

Nesheim, B.-I. (2020, 5. mars). Fødsel. I Store medisinske leksikon. Henta 7. februar 2022 frå https://sml.snl.no/f%c3%b8dsel

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Formeiring hos mennesket