Bruk av QR-kodar i undervisninga
Ein skanna QR-kode gir elevane tilgang til eit bestemt nettinnhald. Det kan vere ei nettside, ein video, bilete eller ein PDF. QR-kodane gjer det mogleg å forlate klasserommet og likevel ha tilgang til læringsressursar. Elevane bruker mobil og nettilgang.
I undervisninga kan vi bruke QR-kodar for å dele fagartiklar, definisjonar og forklaringar. Vi kan lenke til relevante nettsider. Utdanningsprogram med spesialutstyr kan bruke QR-kodar til deling av brukarrettleiingar, opplæringsvideoar og bookingsystem.
Vi kan dele skjema med oppgåver og innsamling av informasjon. Det kan vere undervisningsopplegg med tekstutdrag, korte videoar og bilete sette i samanheng med oppgåver som elevar svarer på med tekst eller avkryssing.
Lærarar og skulen kan òg bruke QR-kodar til skjema administrativt for å samle inn informasjon.
Skulen kan i tillegg bruke QR-kodar for dele nyttig informasjon som å dele lenke til nettsidene til skulen, lenke til skulereglementet, lenke til rettane til elevane eller vise opningstider i kantina og på biblioteket.
I stasjonsarbeid med QR-kodar skal eleven gjennom ei rekke postar/stasjonar og løyse oppgåver ved hjelp av å skanne QR-kodar. La det vere tydeleg kva elevane skal gjere på dei ulike postane, og korleis dei skal bruke QR-innhaldet.
Døme på gjennomføring av stasjonsarbeid med QR-kodar
Lag fem postar og del elevane inn i fem grupper. Lag tydelege og nummererte postar slik at elevane veit kvar postane er, og kva post dei er på.
Elevane startar på kvar sin post og går til neste post når tida på ein post er ute. Læraren set på alarm for å halde tida. Berekn fem minutt oppstart av timen og eitt minutt for å byte mellom postane.
Lag gjerne støtteark med to kolonnar som gir oversikt over dei ulike postane. Kolonnen til venstre har informasjon om tittel og innhald, til dømes relevante stikkord, kort tekst, bilete eller illustrasjon. Kolonnen til høgre blir brukt til notat.
Du kan òg få elevane til å lage postar til kvarandre. Det kan passe til repetisjonsarbeid. Ta ein kvalitetssjekk før postane til elevane blir teke i bruk!
Tips og råd til postar i stasjonsarbeid med QR
NDLA har utvikla fleire undervisningsopplegg med QR-kodar:
Oppgåve med tverrfagleg tema: Stasjonsarbeid om klassemiljø (QR)
Oppgåve i mediefag: Stasjonsarbeid introduksjon til lyd (QR)
Rettleiing i kroppsøving: Kroppsleg læring og parkour, økt 1
Du kan bruke desse malane som utgangspunkt for å lage eit eige stasjonsundervisningsopplegg med QR-kodar.
Filer
- Mal QR-stasjonar(DOCX)
- Mal QR-stasjonar(PDF)
Relatert innhald
QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne nettinnhald med mobilen. Lær tips og triks og kom i gang med QR-kodar!