Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik finn og bruker du hurtigtastar

Hurtigtastar gjer at du kan jobbe meir effektivt og behageleg når du skal redigere, designe eller skrive. Du reduserer talet klikk og sparer kroppen for slitasje. Her får du vite kvifor du bør bruke hurtigtastar, og kvar du finn dei.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Google Docs har oversikt over fleire hurtigtastar i nedtrekksmenyen. Skjermbilete.

Biletet viser at tekstprogrammet Google Docs har ei rekkje hurtigtastar, som du ser til høgre i nedtrekksmenyen under “Rediger” i verktøylinja.

Om hurtigtastar

Ein hurtigtast er ein kommando med ein eller fleire tastar som gjer at du raskare kan gjere ein operasjon i dataprogram, som å klippe og lime, lagre og å setje inn ei hyperkopling.

Tekstbehandlingsprogram som Open Office og Word er ofte dei første dataprogramma du lærer. Allereie i desse programma er det vanleg med hurtigtastar for å lagre (Ctrl+S), angre (Ctrl+Z) og å setje tekst i kursiv (Ctrl+K). I tillegg har vi gjengangarane merk alt (Ctrl+A), kopiere (Ctrl+C), og lim inn (Ctrl+V). I redigeringsprogram på ein pc blir ofte kommandoen Ctrl (control) og eit teikn for handlinga brukt. På mac blir epleknapp (command) brukt.

Når du går inn i nedtrekksmenyar i dataprogram, vil du i nokre tilfelle sjå at det står eitt eller fleire teikn heilt til høgre (sjå biletet over). Det er hurtigtasten for hyppig brukte verktøy og funksjonar. Legg merke til og lær deg sentrale hurtigtastar i dei dataprogramma du bruker ofte.

Refleksjonsoppgåve: Ditt forhold til hurtigtastar
  1. I kor stor grad bruker du hurtigtastar?
  2. Kva for hurtigtastar synest du er nyttige?
  3. I kva program synest du det er viktigast med hurtigtastar?
  4. Er det nokre hurtigtastar du kunne tenkt deg, som ikkje finst i dag?

Kvifor bruke hurtigtastar


Arbeid på datamaskinen blir meir og meir sentralt i arbeidslivet og i skolen. I nokre yrke blir datamaskin brukt som hovudverktøy, slik som i IT- og mediebransjen. Det fører til mange klikk, tastetrykk og rørsler med datamus eller styreflate på ein berbar datamaskin. Det kan føre til at ledd og musklar får mykje slitasje og gjer at du får vondt i arm, nakke eller skuldrer. Det er viktig å passe på ergonomien når du jobbar med datamaskin. Du jobbar raskare og meir komfortabelt viss du bruker hurtigtastar.

Tips til deg som jobbar mykje framfor skjerm

Når du jobbar med datamaskinen, ver bevisst på korleis du sit og korleis det kjennest ut i rygg og skuldrer. Prøv å ha avslappa skuldrer og pust godt. Ofte spenner du nakke- og skuldermuskulatur unødig mykje når du jobbar framfor skjermen.

Nokre tips frå Arbeidstilsynet for arbeid ved dataskjerm:

  • Ha god nok pultplass til at du kan kvile underarmane mot arbeidsbordet.
  • Varier arbeidsoppgåver.
  • Ta korte pausar.
  • Juster lys og kontrast, sterkt skjermlys kan vere slitsamt å sjå på.
  • Datamusa bør ha form som passar i handa.
  • Bruk hurtigtastar.
  • Stol må vere regulerbar.
  • Tastatur bør vere ganske flatt for å unngå tung stilling for handledd.

Dette er eit utval av punkta frå oversikta til Arbeidstilsynet.

Slik finn du hurtigtastane


Det er mange måtar å finne fram til hurtigtastane i dataprogramma du bruker.

1. Finn hurtigtastar i nedtrekksmenyane i verktøylinja


Først og fremst finn du hurtigtastane i dei ulike nedtrekksmenyane i verktøylinja oppe i programma. Gå inn på eit av vala bortover, som “fil” eller “rediger". Då får du opp ein meny med ei rekkje funksjonar. Sjå så heilt til høgre i kvar linje, der vil du sjå hurtigtasten viss det finst ein hurtigtast for denne funksjonen.

I lydprogrammet Audacity finn du hurtigtastar i nedtrekksmenyen. Skjermbilete.

I lydredigeringsprogrammet Audacity ser du fleire av hurtigtastane i nedtrekksmenyen.

2. Finn hurtigtast ved å halde peikar over ikon


Ein annan måte å finne hurtigtastar i programvare på, er å halde musepeikar over eit ikon i programvara. Viss det er ein hurtigtast, dukkar det opp ein liten tekstboks oppå ikonet med hurtigtasten. I verktøylinja oppe i skriveprogram er det fleire ikon, som B/F(bold, fet skrift) og I/K (kursiv). Ved å halde musepeikaren over bokstavikonet, får du vite hurtigtasten viss han finst. I lyd- og videoredigeringsprogram er det vanlegvis ein hurtigtast for klipping, og ikonet er ofte ei saks (Audacity, Ctrl+X) eller eit barberblad (Premiere Pro, C og Audition, R).


3. Finn oversikt over hurtigtastar i programmet


Mange dataprogram har også oversikter over hurtigtastane sine. Denne finn du ofte ved å gå inn i hjelp-menyen øvst på verktøylinja, og mange program har søkefunksjon der du kan søke opp dette.

Biletet under viser kvar du finn ei oversikt over hurtigtastar nedst i hjelp-menyen i det gratis skriveprogrammet Google Docs.

Du kan finne oversikt over hurtigtastar i dei fleste program. Gå via fana "hjelp" i Google Docs.

Skjermbiletet viser kvar du kan gå i det gratis skriveprogrammet Google Docs og finne ei oversikt over hurtigtastar nedst i hjelp-menyen.

Hurtigtastar for vidarekomne

Det er også ei moglegheit å lage dine eigne hurtigtastar i fleire program.

I utgangspunktet bør du bruke hurtigtastane som er sette opp i programma. Viss du jobbar i medieprogramvare eller IT-programvare, bør du halde deg til industristandardane. Viss du skal jobbe i eit mediehus i redigeringsrom, må du ikkje klusse med hurtigtastane.


I nokre program kan det vere forskjellar på hurtigtastane for å gjere eit klipp eller å angre eit steg, til dømes. Her kan det vere nyttig å endre ein spesifikk hurtigtast i det programmet som avvik frå dei fleste programma du bruker. Slik kan du få hurtigtastane til å vere ekstra nyttig for deg i ditt arbeid, fordi du slepp å bruke to ulike kommandoar for same operasjon. I Word kan du justere dette ved å gå inn i fil->alternativer->tilpass båndet. For å finne eksakt framgangsmåte kan du bruke hjelpfunksjon og søke på “tilpasse hurtigtaster”. Skulle du angre val av hurtigtast, kan du endre det direkte eller velje “tilbakestill”, da får du tilbake hurtigtastane til standardoppsettet.












Sist oppdatert 27.11.2019
Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid

Læringsressursar

Verktøykasse IM