Jobb med dokumentaren Krigere
Reflekter åleine eller i ei lita gruppe over desse spørsmåla:
Kva kjenneteiknar god kommunikasjon?
Kva skal til for at du får tillit til ein person?
Sjå dokumentarfilmen Krigere på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
1. Kommunikasjon og relasjonsbygging
Jobb saman to og to. Sjekk om de kan omgrepa.
Bruk fagomgrepa til å beskrive kommunikasjonen mellom ungguten Mamo og miljøarbeidaren Berat og den relasjonen dei to har.
I filmen dreg Berat tilbake til Gol og oppsøker den personen som hjelpte han med å få fotfeste i livet. Beskriv kva som kjenneteiknar relasjonen mellom Berat og Karianne.
Korleis hjelper Karianne Berat til innsikt og refleksjon gjennom måten ho som fagarbeidar kommuniserer på?
2. Å sjå seg sjølv i den andre
Kva får vi vite om Berats bakgrunn gjennom samtalen han har med Karianne, og kva har han og Mamo til felles?
Berat liker ikkje jobbtittelen miljøarbeidar. Han vil vere kompis. Kvifor vil han bruke den nemninga?
Karianne er skeptisk til rolla som kompis. Kva fordelar har det å definere rolla si som fagarbeidar slik, og kva ulemper har det?
Kva er grunnen til at Berat ikkje får lov til å ha Memo buande hos seg? Kva taler for at det er ei rett avgjerd? Kva taler mot?
Unge som sjølve har opplevd omsorgssvikt, psykisk uhelse, rus eller kriminalitet, ønsker ofte å bruke livet sitt i eit yrke der dei kan hjelpe andre som har opplevd det same. Kva er fordelen ved å ha ein slik bakgrunn? Kva grunnar kan det vere til å ikkje velje eit omsorgsyrke?
3. Idrett og inkludering
Mamo blir etter kvart ein del av eit kampsportmiljø. Kva fysiske og mentale eigenskapar trengst for å lykkast i denne sporten?
Korleis kan idretten vere med på å førebu Mamo til eit godt vaksenliv?
Mats Zuccarello er ishockeystjerne i USA, men i eit intervju i Aftenposten i 2023 seier han at han er mest stolt av det arbeidet han gjer for barn og unge. Finn informasjon om Zuccarellostiftelsen og andre idrettskjendisar, klubbar og idrettsmiljø som aktivt arbeider for å integrere unge som lever i utanforskap.
Relatert innhald
Dokumentarfilmen Krigere handlar om oppvekstvilkår og om kor viktig det er å ha trygge og stabile vaksenpersonar som bryr seg.
Korleis kommunisere for å få eit godt samspel med barn og unge? Du må vere medviten din eigen kommunikasjon for å skape gode relasjonar.