Byggje gode relasjonar
Relasjonsbygging går ut på å skape varige relasjonar til barn og unge. For å få til det må kvaliteten på relasjonen vere best mogleg. I filmen Relasjonsferdigheiter fekk du ei innføring i tre viktige forhold for relasjonskvaliteten.
For det første handlar relasjonskvalitet om korleis vi greier å sjå barn og unge innanfrå. Prøver vi å forstå behova til barn og unge og kva som ligg til grunn for det dei gjer?
For det andre handlar det om korleis vi som vaksne forstår oss sjølve. Legger vi merke til korleis vi sjølve reagerer når barn og unge uttrykkjer sine eigne behov, ønske eller åtferd?
For det tredje handlar det om å sjå oss sjølve gjennom blikket til barn eller unge. Korleis opplever barnet oss i ein gitt situasjon?
Når vi kommuniserer med barn og unge, følgjer dei oss, og dei er spesielt opptekne av to ting: Om vi liker dei eller ikkje liker dei, og om vi vil dei vel eller ikkje vil dei vel. Jobben din er derfor å forstå alle barna og byggje gode relasjonar slik at dei opplever at du liker dei, og at du vil dei vel.
Psykolog Øyvind Fallmyr (2015) skildrar ni eigenskapar hos vaksne som jobbar med barn og unge, som kan vere med på å skape gode relasjonar og eit godt klima. Ikkje berre gir dette eit godt klima for forholdet mellom vaksne og barn, men òg barn og unge seg imellom og dei vaksne seg imellom. Barn og unge ser korleis den vaksne er, og gjennom modellæring og identifikasjon gjer dei det om til sitt.
Påliteleg
Pålitelegheit hos den vaksne er viktig. Du må verke som ein person barn og unge kan stole på, halde avtalar, unngå å såre og krenkje, ha struktur og grenser, leggje til rette for meistringsopplevingar og tilpasse utfordringar til det enkelte barnet.
Tydeleg
Tydelegheit hos den vaksne handlar om at dei reglane og grensene du set, blir følgde opp på ein varm og omsorgsfull måte. Du formidlar beskjedar og forventingar klart og tydeleg og tilpassar dei til føresetnadene til barnet.
Føreseieleg
Føreseielegheit handlar om at du har kontroll på kjenslene dine, er tolmodig, at du kan vere spontan, men ikkje er for impulsiv, sidan det fort kan skape uro.
Open og involverande
Ein open og involverande vaksen ønskjer tilbakemelding frå barn og unge på korleis dei opplever han/ho. Du må tole å få både ris og ros, innrømme feil og be om unnskyld når du har gjort feil. Når du trår feil, kan du gå tilbake til barnet og reparere ved å beklage det du har gjort.
Anerkjennande
Å anerkjenne barnet vil seie at du ser barnet som eit medmenneske med likeverdige rettar som deg og verdset det akkurat slik det er. Du viser at du er interessert i kva det tenkjer og kjenner, og du forstår og aksepterer tankane, kjenslene og opplevingane til barnet.
Ha humoristisk sans
Å ha humoristisk sans og evna til å skape positive kjensler hos barn og unge er ein viktig eigenskap. Når du nyttar humor på ein venlegsinna måte til å skape glede, avspenning og god stemning, vekkjer du positive kjensler som gir vekst og motivasjon hos barn og unge.
Handtere konfliktar
Vaksne som kan handtere konfliktar, tenkjer at konfliktar er naturlege og naudsynte for utvikling. Dersom du klarer å handtere konfliktar mellom deg og barn og imellom barn med nysgjerrigheit og undersøking i staden for kjensler eller avleiingar, er det med på å fremje utvikling hos både deg sjølv og barna.
Handtere kjensler
Å kunne handtere kjensler er òg ein viktig eigenskap hos oss som jobbar med barn og unge. Dersom du klarer å leggje merke til, tolerere og forstå kjensler, kan du òg handtere dei som signal du skal stadfeste og forstå, ikkje kontrollere eller fjerne. Du må utforske desse kjenslene saman med barna og ta omsyn til behova om ligg under kjenslene.
Empatisk
Empatiske vaksne ønskjer å forstå barn og unge og kome handlingane og veremåtane deira i møte på ein god måte. Empati krev at du har gode kunnskapar om den indre verda til barn og unge, og dessutan at du har evna til å setje deg inn i korleis andre har det. Du må ha eit ønske om å forstå den andre.
Gode relasjonar er livsviktig for oss menneske, og barn og unge, som er i pedagogiske institusjonar størsteparten av dagen sin, er heilt prisgitte dei vaksne dei møter. Gode relasjonar der dei vaksne gir respons og anerkjenning, er med på å utvikle sjølvbiletet til barna ved at dei opplever seg som verdifulle.
Forsking har vist at barn som har hatt gode relasjonar til vaksne i ung alder, har sterkare psykiske helse enn barn som ikkje har hatt det. Og jo tidlegare barn opplever gode relasjonar, jo betre er det for positiv utvikling. Vi veit òg at det som fremjar god utvikling av åtferd, kjensler og læring, har samanheng med tidlegare erfaringar. Ved å sikre god relasjonsbygging er vi derfor med på å leggje eit godt grunnlag for både psykisk helse, læring og åtferd.
Hugs at varme og gode relasjonar ikkje i seg sjølv er nok til at små barn utviklar seg positivt. For at samspelet mellom barn og vaksen skal vere utviklingsfremjande, er det viktig at vi legg vekt på å skape eit positivt klima der barn oppheld seg. Samspelet mellom vaksne og barn, barn og barn og vaksne og vaksne må vere tilpassa barnegruppa og det enkelte individet.
Utfordringar til deg
Kva tenkjer du om dei ni eigenskapar vi bør jobbe for å utvikle?
Kva for nokre av desse ni eigenskapane må du jobbe ekstra med, og korleis skal du gjere det?
Kvifor er det viktig at du forstår deg sjølv for å få til ein utviklande relasjon til barn og unge?
Korleis skal vi menneske klare å forstå oss sjølve i møte med andre?
Relatert innhald
Fallmyr, Ø. (2017). Følelseshåndtering og relasjonsbygging i skolen. En emosjonsfokusert tilnærming. Universitetsforlaget.