Hopp til innhald
Film og filmklipp

Humor og glede

Tull og tøys skaper god stemning. Vi trivst der vi kan le og more oss saman med andre. Tull og tøys er heilt sentralt i barnekulturen. Å skape smil og latter, glede og humor saman med barna er verdifullt og har mykje å seie for trivselen.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du tulle og tøyse saman med barn og unge?

  2. Kvifor er det viktig å skape glede og humor saman med barn og unge?

  3. Tenk tilbake til din eigen barndom. Hugsar du vaksne som tulla og tøyset med deg? Kva gjorde det med deg?

  4. Når du jobbar med barn og unge er det viktig å ikkje ta seg sjølv så sjølvhøgtideleg. Kva vil det seie, og kvifor er det viktig?