Kommunikasjon og relasjonar
Kvaliteten på kommunikasjonen og relasjonen mellom vaksen og barn har mykje å seie for trivselen, utviklinga og læringa til barn og unge. Å arbeide reflektert og systematisk med di eiga evne til å skape gode relasjonar og eit godt samspel med barn og unge har betyding for dei du møter. Når du er klar over at du skal møte alle barn på ein likeverdig og positiv måte, kan det bidra til at barn og unge har det bra og får best mogleg utvikling og læring.
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du jobbe med grupper av barn og unge. I arbeidet med gruppa skal du klare å sjå kva det enkelte barnet har behov for, og samtidig ta omsyn til resten av gruppa. For å få til dette krevst det at du er oppteken av gode relasjonar til enkeltbarnet og gruppa.
Korleis skape gode relasjonar gjennom kommunikasjon?
Dette er eit spørsmål som du som barne- og ungdomsarbeidar må arbeide medvite med. Du må heile tida ha fokus på og reflektere over din eigen praksis for å bli merksam på samspelet mellom deg og barnet.
Når vi kommuniserer, nyttar vi både språket og kroppen vår til å uttrykke oss og signalisere behova og ønska våre. Når vi skal kommunisere med barn, må vi derfor vere medvitne kva vi seier, og kva kroppsspråk vi har. Vi skal jobbe ut frå at vi vil det beste for barnet, alltid. Vi skal møte barn og unge som likeverdig menneske med rett til eigne tankar, kjensler og meiningar. I møte med barn vil vi ved å legge vekt på det vi vil ha meir av, skape energi og handlekraft hos barnet.
For å få til god kommunikasjon og eit godt samspel med barn har senter for ICDP, International Child Development Program, utvikla åtte tema eller vegar for eit godt samspel. Desse temaa er eit godt utgangspunkt for å bli klar over kva du kan gjere for å kommunisere med og skape gode relasjonar til barn og unge.
Dei fire første temaa handlar om den kjenslemessige dialogen, dei nære relasjonane. Dei gir deg hjelp til å forstå korleis du kan stille deg til og knyte deg til barn og korleis de har det saman. Tema fem, seks og sju handlar om lærande dialogar, dei meiningsskapande dialogane. Dei gir deg forståing for korleis du kan hjelpe barn til å skape meining, samanheng og læring. Tema åtte gir deg innsikt i korleis du som vaksen kan skape rammer og sikre ein struktur for kvardagen til barnet.
1. Vis glede og positive kjensler
Vis at du er glad i og liker barnet.
Smil til barnet og le saman med det.
Skap kontakt, ha augekontakt, skap ei god stemning og snakk med mild og kjærleg stemme.
Ver saman med barnet. Leik, syng, spel, et og ver rolege saman.
Gi kos, klem og positive berøringar.
Ver ein god rollemodell – smil og vis at du har tru på barnet og den situasjonen de er i.
Gjennom ein slik veremåte kan du vere med på å skape tryggleik for barnet. Sjølv dei minste barna som ikkje forstår vanleg tale, vil oppleve omsorga di og oppleve at saman med deg er det trygt og godt å vere.
2. Sjå initiativet til barnet – juster deg til barnet
Ver merksam og vis interesse for det barnet gjer.
Følg med på aktiviteten og handlinga til barnet, sjå kva det gjer.
Tolk og prøv å forstå kroppsspråket til barnet, finn ut kva barnet ønsker og kjenner.
Svar på initiativa og uttrykka til barnet, og juster deg til det barnet du møter. Tilpass handlingane dine til tilstanden til barnet.
Barn viser gjennom initiativa sine kva dei er opptekne av eller bekymra for, og kva kontakt dei treng. Ver merksam på korleis du svarer på initiativa til barn. Sjå initiativa deira som ein invitasjon til kontakt med deg. Barnet prøver å fortelje deg korleis det har det, eller kva det er bekymra for. Prøv å forstå kva barnet prøver å fortelje deg, kva det ønsker, gjer og kjenner. På den måten har du høve til å tilpasse deg til barnet og følge opp det barnet er oppteke av. Barnet vil då oppleve å bli sett og forstått, og at du bryr deg om det. Det styrker sjølvkjensla til barnet.
Barn er ulike og uttrykker behova og initiativa sine ulikt. Nokon kan uttrykke seg gjennom sterke kjensler, andre gjennom handlingar, nokon blir tankefulle, og nokon uttrykker seg gjennom å setje ord på korleis dei har det. Vi må samtidig vere klar over at uttrykket til barnet varierer og kan endre seg frå dag til dag. Undersøk initiativet til barnet og juster deg til barnet her og no.
Viss vi ikkje klarer å sjå og møte initiativa til barnet, kan dei oppleve at dei blir avviste, ikkje betyr noko eller at det dei gjer, ikkje er interessant. Det kan svekkje sjølvkjensla og sjølvbiletet til barnet.
3. Inviter barnet til samspel. Lytt og svar
Ver merksam på barnet.
Ta deg tid til å vere saman og snakk om det barnet er oppteke av og interessert i.
Lytt til kva barnet seier og uttrykker gjennom ord og kropp.
Svar på det barnet uttrykker.
Set ord på kjenslene og opplevingane til barnet. Hugs at kjenslene dine smittar.
Delta i aktivitetar saman der de må veksle mellom å lytte og svare. Leik, spel, syng og gjer ting saman.
Ha samtalar med barnet, del tankar, ord og kjensler, der de må veksle mellom å lytte og svare.
4. Gi ros og vis anerkjenning for det barnet klarer
Sjå og stadfest kjenslene, opplevingane, tankane og handlingane til barnet.
Anerkjenn barnet og kjenslene til barnet.
Viss eit barn er lei seg – trøyst det.
Viss eit barn er sint – hald litt avstand til barnet er klar for samtale og trøyst
Viss eit barn er glad – ta del i gleda
Viss eit barn har behov for tett kroppskontakt – hald rundt og gi masse klemmar
Kjenn skilnaden på ros og anerkjenning. Når vi roser, går det på resultata eller det barnet oppnår, det er ei vurdering. Anerkjenning går på korleis du ser innsatsen til barnet, korleis barnet har det mens det gjer noko, det barnet opplever undervegs i handlinga. Til dømes kan du gi ros for at teikninga er bra, og anerkjenne opplevinga barnet har mens det teiknar, og òg opplevinga barnet har av resultatet. Ros bidreg til at barn utviklar tru på seg sjølv, det styrkjer sjølvtilliten til barnet, mens anerkjenning bidreg til å bygge barnet si oppleving barnet av å vere verdifull, og styrkjer sjølvkjensla og sjølvbiletet til barnet.
Det motsette av anerkjenning er likegyldigheit og neglisjering av opplevingane og kjenslene til barnet.
5. Fang merksemda til barnet – skap ei felles oppleving
Fang merksemda til barnet og vis felles interesse for det som er utanfor relasjonen deira. Det kan til dømes vere ei bok, ein song, ein aktivitet eller ei oppgåve.
Hjelp og støtt barnet med å halde merksemda på ein aktivitet eller ei oppgåve ved å skape indre og ytre ro.
Forklar og hjelp barnet til å forstå det som skal gjerast.
Sørg for at aktiviteten er tilpassa alderen til barnet og det barnet klarer å få til.
Når du hjelper og støttar barnet til å halde merksemda og fordjupe seg i ein aktivitet eller ei oppgåve, styrker du konsentrasjonen og moglegheita for læring for barnet.
6. Hald merksemda til barnet – vis kjensler og engasjement
Vis glede og interesse for det de gjer saman.
Set ord på det de gjer saman.
Vurder om barnet har bruk for at du
går føre og viser vegen. Du viser korleis det kan meistre oppgåva, med glede og interesse.
går ved sida av. Du deltek på same måte, du gjer det saman med barnet.
går bak. Du observerer og ser kva barnet har bruk for av hjelp, vurderer korleis det går, og er klar til å tilby hjelp dersom barnet har behov for det.
Alle barn har bruk for hjelp frå ein meir moden hjerne for å utvikle merksemda si og konsentrere seg om ei oppgåve, og spesielt når det er noko barnet opplever som vanskeleg.
Ved å nytte entusiasmen, gleda og interessa di kan du hjelpe barn til å bli motiverte til å gjennomføre ein aktivitet eller ei oppgåve.
7. Utvid opplevinga til barnet – utdjup og forklar
Bygg bru mellom det kjende og det ukjende ved til dømes å ta utgangspunkt i
noko aktuelt og det barnet er oppteke av
noko som har skjedd tidlegare, noko barnet eller de har gjort tidlegare
noko som kan skje i framtida
Ver klar over at alle barn har behov for å skape samanhengar og meining i tilværet sitt. Når du utdjupar og forklarer, deler du kunnskapen din om verda med barnet. Det vil hjelpe barn til å setje sine eigne opplevingar i ein samanheng og skape meining.
Når vi skaper samanheng og hjelper barnet til å skape meining, hjelper vi barnet til å utvikle tru på eigne evner, og det styrker sjølvtilliten deira.
8. Skap rammene – rettlei trinn for trinn
Vis leiarskap og skap rammene og rytmen for kvardagen. Faste tidspunkt og haldepunkt for rutinar skaper føreseielegheit og hjelper barnet til å få oversikt, og dei veit kva forventingar du har.
Gjer forventingane tydelege. Sei "eg vil gjerne at du gjer" eller "du må gjerne gjere". Nokre gonger er det ikkje rom for diskusjon, og då er det naudsynt at du er tydeleg og seier "du skal gjere".
Hjelp barnet til å bli kjend med og trygg på dei sosiale spelereglane som gjeld, slik at det kan overhalde desse. Ver guide og rettleiar trinn for trinn i dei ulike situasjonane i kvardagen.
Rettlei barnet slik at det kan regulere åtferda si ut frå forventingar. Vis og forklar barnet alternative måtar å handle på. Fortel kva det må og skal – trinn for trinn.
Positiv regulering. Ver venleg og vis respekt for barnet. Forklar roleg og venleg kva som er tillate å gjere, og kva det ikkje kan gjere. Gi barnet forklaring på kvifor når det er noko det ikkje får lov til.
Viss du må seie "nei" og "stopp", er det veldig viktig at du forklarer kva dei kan gjere i staden.
Planlegg saman med barnet.
Det skaper tryggleik når barn kjenner til og kan overhalde dei sosiale spelereglane. Det handlar om å hjelpe barnet med dei utfordringane det møter i kvardagen sin, og til å utvikle sjølvkontroll. Når du rettleier barn og unge trinn for trinn, hjelper du dei med å utvikle eigne strategiar slik at dei kan planlegge og samtidig ha sjølvkontroll. Det gir barn høve til å meistre livet sitt og overhalde sosiale spelereglar. Det er viktig å hugse på at når vi rettleier barn og unge, må vi alltid behalde varmen og dei gode kjenslene for dei.
Utfordringar til deg
Alle har behov for å bli sett og forstått. Korleis kan du sjå og forstå andre?
Vi kjenner når nokon bryr seg. Kva har det å seie for deg at andre bryr seg om deg?
Korleis vil du rettleie barn til å overhalde sosiale spelereglar?
Korleis kan du jobbe for sjølv å bli medvite og ha eit reflektert forhold til samspelet ditt med andre?