Hopp til innhald
Film og filmklipp

Foreldre sin mobilbruk og små barn

Foreldrane sin mobilbruk kan påverke utviklinga til barnet i ulike retningar. Barnehagen si rolle i dette arbeidet kan vere å rettleie foreldra. Mange barnehagar har mobilfri sone i garderoben ved levering og henting av barnet.
Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

Refleksjonsoppgåver til filmen

  1. Korleis trur du små barn under 3 år kan bli påverka av foreldra sin mobilbruk under eit måltid?
  2. Gi døme på ulykker som kan skje med barnet når foreldre er opptekne med mobilen i staden for å følgje med på barnet.
  3. Kvifor er samspelet mellom foreldre og barn så viktig?
  4. Korleis kan du som fagarbeidar rettleie føresette til barn i barnehagen om dette temaet?