Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

HMS-arbeid i nærbutikken

Ein arbeidsgivar pliktar å ha rutinar for systematisk HMS-arbeid på arbeidsplassen. Korleis ser det ut i nærbutikken din? I denne oppgåva skal du ta ein prat med den daglege leiaren om dette.
Matbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mykje å passe på for å sørgje for god HMS når ein driv butikk. I denne oppgåva skal du kontakte ein butikk i nærområdet ditt og snakke med den daglege leiaren. Om dette ikkje lèt seg gjere, kan du sende ein e-post til ein butikk og høyre om dei har tid til å svare på nokre spørsmål.

Førearbeid

  • Set deg inn i HMS-regelverket som gjeld for ein butikk i nærområdet – det kan vere kva type butikk som helst.
  • Ring butikken, presenter deg høfleg, fortel at du jobbar med eit HMS-prosjekt på skulen, og undersøk om dei kan treffe deg for eit intervju.
  • Avtal eit møte med den daglege leiaren for å snakke om HMS-arbeidet i butikken.
  • Med utgangspunkt i arbeidsmiljølova §3-1 og Arbeidstilsynets HMS-opplæring for leiarar skal du lage eit intervju med den daglege leiaren der han eller ho fortel om korleis dei som arbeidsgivar driv eit systematisk HMS-arbeid.

Oppgåve

  • Gjennomfør intervjuet, og still spørsmål dersom du lurer på noko.
  • Spør om du kan ta nokre bilete som du kan bruke i presentasjonen.
  • Lag ein presentasjon av intervjuet, og gjer ei vurdering av det systematiske HMS-arbeidet.
  • Presenter resultatet for kvarandre i klassa.
Ung jente rekkjer fram mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etterarbeid

  • Diskuter kvifor systematisk HMS-arbeid er viktig.

Relatert innhald

Intervjumetoden er ein nyttig metode for å samle inn data og eignar seg særleg godt når ein ønskjer meir utfyllande svar på spørsmål ein lurer på.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

HMS for arbeidsgivaren