Arbeidsoppdrag
HMS på kontoret
På eit kontor er arbeidet prega gjerne av stillesitjing framfor pc-en, så sikkerheitsrisikoen er låg. Men kan kontorarbeid gi andre HMS-farar? I denne oppgåva skal de undersøkje HMS-arbeidet på kontoret på skulen.

Rektor på skulen er ansvarleg for at skulen driv systematisk HMS-arbeid for både tilsette og elevar. I denne oppgåva skal de spesielt sjå på korleis HMS-arbeidet blir gjennomført på kontoret på skulen for leiarar og lærarar.
- Del klassen inn i grupper på tre elevar.
- Set dykk inn i arbeidsmiljølova § 3-1.
- Fordel punkt 2 a–g mellom gruppene, og førebu eit intervju med rektor og den kontoransvarlege på skulen.
- Set saman alle spørsmåla dykkar til eitt intervju.
- Avtal eit møte med rektor og den kontoransvarlege.
- Ei gruppe gjennomfører intervjuet.
- I klassen analyserer de intervjuet og skriv ein rapport.
- Kva er spesielt viktig å tenkje på når det gjeld HMS-arbeidet på eit kontor?
- Er det noko rektor må sjå nærare på i det vidare HMS-arbeidet?
- Send ein kopi av rapporten dykkar til rektor.