Oppgåve
HMS i vektaryrket
Korleis skal leiarane i eit vektarfirma sørgje for at vektarane er trygge på jobb? I denne oppgåva er du leiar i eit slikt firma og har fått i oppdrag å lage ein presentasjon for medleiarane dine om arbeidsmiljølova § 3-2, «Særskilte forholdsregler for å ivareta sikkerheten».
Vektaryrket kan vere ganske tøft, og som leiar har du eit ansvar for at vektarane har eit trygt arbeidsmiljø.
Vektarfirmaet ditt har hovudansvaret for handlesentera i Alti-kjeda i Sør-Noreg.
Du skal halde eit foredrag for medleiarane dine der du legg vekt på arbeidsmiljølova § 3-2 (1) a:
(1) For å ivareta sikkerheten på arbeidsplassen skal arbeidsgiver sørge for:
a) at arbeidstaker gjøres kjent med ulykkes- og helsefarer som kan være forbundet med arbeidet, og at arbeidstaker får den opplæring, øvelse og instruksjon som er nødvendig,
- Jobb i par.
- Lag ein presentasjon om korleis de som arbeidsgivarar skal arbeide med denne lova.
- Bruk Internett og søk etter informasjon.
- Presenter korleis de skal ta vare på sikkerheita for dei tilsette, med både tenkte situasjonar og løysingar, forslag til opplæring, øvingar og instruksjon.
- Presenter i klassen.
Etterarbeid
Klassediskusjon:
- Kor viktig er opplæring og øving for vektarar?
- Kvifor er dette så viktig i dette yrket?