Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

HMS på treningssenteret

Svært mange brukar treningssenter aktivt for å halde seg i form. Nokre treningssenter er medlem av store kjeder, og andre er lokale, kjedeuavhengige senter. I denne feltoppgåva skal de undersøkje korleis HMS-arbeidet er på ulike typar treningssenter.
Personar som trenar på eit treningssenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre treningssenter spesialiserer seg på gruppetreningar eller tilbyr tilleggstenester (til dømes barnepass). Andre treningssenter har berre eit lokale med treningsapparat der du slepper deg sjølv inn og ut med eit medlemskort. Det finst òg små senter som har smalare målgrupper – til dømes eldre.

Oppdrag

Oppdraget blir gjennomført i grupper.

Førebuing

Kontakt eitt eller fleire treningssenter (gjerne både eit som har sjølvbetening og eit som har betening).

  • Presenter dykk.
  • Forklar oppgåva de jobbar med.
  • Spør om de kan få besøkje treningssenteret.
  • Spør om de kan få intervjue ein tilsett eller ein leiar.
  • Spør om de kan filme – eit vanleg mobilkamera kan fint brukast.

Førebu gode spørsmål.

Gjennomføring – besøk treningssenter

Få faktaopplysningar om treningssentera.

Observer og noter undervegs i besøket.

Finn ut av ansvar ved skade hos kundar eller tilsette.

  • Kva rutinar har bedrifta ved personskadar?
  • Kor mykje ansvar har dei ved skade hos kundar?
  • Korleis løyser dei dette i praksis?

Det er fint om de kan få beskrive nokre reelle døme.

Innlevering av filmen

Den ferdige filmen bør totalt ikkje vare i meir enn 5–10 minutt. Oppgåva kan løysast ved at de legg tekst på filmen viss de ikkje ønskjer å filme dykk sjølve eller sjølve intervjua.


Filmen skal beskrive

  • korleis sentera de gjennomfører oppgåva på, er bygde opp
  • kva spørsmål de har stilt
  • kva de finn ut
  • korleis HMS-en på treningssentera ser ut – inkludert overordna mål og tiltak
Ressursar

Desse artiklane om HMS ved treningssenter gir god bakgrunnsinformasjon som de kan bruke til å utforme spørsmål eller for å få idear til kva de skal sjå etter.

Standarden heves for norske treningssentre

Labert HMS-arbeid i treningssenter



CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2020

Læringsressursar

HMS for arbeidsgivaren