Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hotell Dovregubbens Hall

Dovregubbens Hall er eit tradisjonsrikt høgfjellshotell som ligg i hjartet av Dovrefjell. Hotellet har gjestar heile året, og i tillegg til overnatting driv dei ein restaurant og ein suvenirbutikk. I denne oppgåva skal du arbeide med HMS som sjef på hotellet.
Dovregubbens Hall i 1948. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange sesongtilsette i denne reiselivsbedrifta, og som hotellsjef er du ansvarleg for eit systematisk HMS-arbeid. Det er eit stort og viktig regelverk å ha oversikt over, og det kan vere mykje å lese kvar gong du skal setje nye tilsette inn i HMS-systemet. Derfor vil du lage deg eit hefte over dei viktigaste HMS-tiltaka som gjeld for hotellet ditt og dei tilsette.

Krav til HMS-arbeidet i reiselivsbransjen er beskrive på nettportalen NHO Reiseliv HMS.

Oppgåve

  • Jobb i par eller sjølvstendig.
  • Skaff deg ei oversikt over kva lover og forskrifter som er aktuelle for bedrifta.
Tips

Sjå spesielt på lovverket for

  • seksuell trakassering
  • arbeidsmiljø
  • internkontroll og systematisk HMS
  • sikkerheit
  • alkohol
  • Vel ut det du meiner er viktigast for hotellsjefen å jobbe med og informere om.
  • Lag eit hefte du kallar «HMS på Dovregubbens Hall», og presenter det for dei andre i klassen.
Moskusokse på Dovrefjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

HMS for arbeidsgivaren