Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)ogYrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Kommunikasjon og relasjon
Menneskeleg kommunikasjon kan gå føre seg på ulike måtar og har som mål at kvart individ får formidla tankane og behova sine. Det kan gå føre seg verbalt (språkleg) og ikkje-verbalt ved hjelp av kroppsspråk eller til dømes lydar, peiking eller augekontakt.
Profesjonell kommunikasjon
Som fagarbeidar i helse- og oppvekstsektoren blir det stilt krav til dine kommunikasjonsevner. Du skal kunne uttrykkje deg godt skriftleg og munnleg. Du skal også vere eigna til jobben ved å vise at du kan handtere konfliktar på ein god måte.