Hopp til innhald

Fagstoff

Den deriverte

Den deriverte til ein funksjon viser oss kor raskt funksjonen endrar seg. Derivasjon blir mykje brukt i matematikk og i andre realfag.
Koordinatsystem med grafen til f av x. Denne er blå. Punktet A parentes x komma f av x parentes slutt og punktet B parentes x pluss delta x komma f parentes x pluss delta x parentes slutt parentes slutt er merket på grafen. Ei rød linje går gjennom punktet A, og ei grønn linje går gjennom punktet A og punktet B. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På figuren har vi teikna grafen til funksjonen f (blå kurve). Vi ønskjer å finne den momentane vekstfarten til funksjonen f i punktet Ax, fx.

Vi gir x eit tillegg Δx og får eit nytt punkt B på grafen:

Bx+Δx, fx+Δx

Vi trekkjer ein sekant (grøn linje) gjennom punkta A og B.

Vi reknar ut stigingstalet a til denne linja.

a=ΔyΔx=fx+Δx-fxx+Δx-x=fx+Δx-fxΔx

Vi har då funne eit uttrykk for gjennomsnittleg vekstfart frå A til B.

Prøv sjølv

Vi lèt no punktet B nærme seg punktet A. Vi lèt altså Δx gå mot null. På den interaktive figuren nedanfor kan du dra i punktet B. Kva skjer når du dreg punktet mot punktet A?

Når vi dreg punktet B mot punktet A, vil sekanten (grøn) gradvis nærme seg til å bli ein tangent (raud linje) til grafen i punktet A.

Stigingstalet til denne tangenten fortel kor fort grafen veks akkurat i punktet A. Vi kallar dette stigingstalet for den momentane vekstfarten eller den deriverte til f i punktet A. Vi skriv f'x og les det som "f derivert av x". Legg merke til teiknet for den deriverte, ein liten apostrof på f: f'.

Den deriverte

Vi ser på grafen ovanfor.

f'x er den verdien ΔyΔx=fx+Δx-fxΔx nærmar seg mot når Δx går mot null.

Definisjon:

f'x=limΔx0ΔyΔx=limΔx0fx+Δx-fxΔx

Den deriverte i eit punkt er stigingstalet til tangenten til grafen i dette punktet.

Den deriverte i eit punkt og den momentane vekstfarten i punktet er det same.

Frå denne definisjonen av den deriverte i eit punkt (x, f(x)) kan vi definere ein ny funksjon f' der vi til kvar x tilordnar verdien f'x. På denne måten har funksjonen f generert ein ny funksjon f'. Derfor kallar vi denne for den deriverte funksjonen.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Vekstfart og derivasjon