Korleis bestemme den deriverte i eit punkt grafisk
Korleis finn vi den momentane vekstfarten i eit punkt grafisk?
2.3.20
På Kvassøy blir det sett ut kaninar. Dei formeirar seg raskt, og talet på kaninar på øya etter år er gitt ved Kx=3602+34e-x.
a) Teikn grafen som viser kor mange kaninar det er på Kvassøy etter x tal på år og finn ut kor mange kaninar som vart sette ut på øya.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv inn funksjonsuttrykket i algebrafeltet. Hugs å skrive inn aksetitlar.
Vi skriv inn K0 og får 10. Det vart sett ut 10 kaninar på Kvassøy.
b) Finn grafisk kor mykje talet på kaninar på Kvassøy aukar per år etter det første året.
Løysing
Vi skriv (1, K(1)) inn i algebrafeltet og får eit punkt. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangenten til K i punktet. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=21,39. Etter det første året aukar talet på kaninar med 21,4 kaninar per år.
c) Finn grafisk momentan vekstfart for talet på kaninar på Kvassøy etter fem år.
Løysing
Vi skriv (5, K(5)) inn i algebrafeltet og får eit punkt. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangenten til K i punktet. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=16,6. Den momentane vekstfarten for talet på kaninar på Kvassøy etter fem år 16,6 kaninar per år.
d) Finn grafisk K'10.
Løysing
Vi skriv (10, K(10)) inn i algebrafeltet og får eit punkt. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangenten til K i punktet. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=0,14. K'10=0,14.
e) Kommenter K'5ogK'10. Kva vil tala seie for kaninbestanden på Kvassøy?
Løysing
K'5 er 16,6, og det betyr at etter nøyaktig 5 år veks kaninbestanden på Kvassøy med 16,6 kaninar årleg. K'10 er 0,14, og det betyr at etter nøyaktig 10 år aukar kaninbestanden på øya med berre 0,14 kaninar årleg. Vi ser at auken av kaninar på Kvassøy minkar vesentleg mellom 5 og 10 år etter at ein sette ut kaninar på øya. Dette passar godt med grafen som viser ei utflating i talet på kaninar på øya.
2.3.21
Under ser du grafen til fx. På grafen er det teikna inn to punkt, og i kvart punkt er det teikna inn ein tangent som rører grafen. Finn momentan vekstfart i kvart av punkta.
Løysing
Ein kan finne den momentane vekstfarten i eit punkt ved å studere tangenten i punktet og til dømes å telje ruter eller å bruke formelen for stiginga for ei linje. Vi finn to punkt (-2,8) og -1,4 på tangenten til venstre og ser at vi flyttar oss fire einingar nedover når vi flyttar oss éi eining bortover. (Legg merke til at éi rute i loddrett retning er to einingar.) Stiginga er derfor -4. I punktet 2,8 gjer vi det same og finn at stiginga til tangenten som rører punktet, er 4.
2.3.22
Funksjonen f er gitt ved fx=x2+4x+2.
a) Bestem stiginga til f når x=-2 grafisk.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi skriv (-2,f(-2)) inn i algebrafeltet og får punktet. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinja. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=0, som viser at funksjonen har stiginga 0 når x=-2.
b) Bestem den deriverte til f når x=1 grafisk.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi skriv (1,f(1)) inn i algebrafeltet og får punktet. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinja. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=6 som viser at den deriverte til f er 0 når x=1.
2.3.23
Funksjonen f er gitt ved fx=x3-2x+1
a) Bestem den momentane vekstfarten til f når x=-2 grafisk.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi skriv (-2,f(-2)) inn i algebrafeltet og får punktet. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinja. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=10 som viser at den momentane vekstfarten når x=-2 er lik 10.
b) Bestem den deriverte til f når x=2 grafisk.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi skriv (2,f(2)) inn i algebrafeltet og får punktet. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinja. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=10 som viser at den deriverte når x=-2 er lik 10.
c) Finn ekstremalpunkta, og bestem stiginga i punkta grafisk.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi finn ekstremalpunkta til funksjonen og lagar ein tangent i kvart ekstremalpunkt. Vi finn stiginga til kvar av tangentane, og begge stigingane er lik 0. Ekstremalpunkt slik som toppunktet og botnpunktet vi fann her, har stiging lik 0.
2.3.24
Diskuter i par.
I biletet over ser de grafen til fx (blå linje) og grafen til f'x (grøn linje). Det er merkt av fire punkt og to tangentar. Forklar og grunngi kva de ser på biletet.
2.3.25
Under ser du grafane til tre funksjonar, blå grafar, og deira deriverte, grøne grafar. Finn for kvar funksjon kva for ein derivert som høyrer til funksjonen, og forklar kvifor dei høyrer saman.
Funksjon
Den deriverte til funksjonen
Funksjon A
Derivert 1
Funksjon B
Derivert 2
Funksjon C
Derivert 3
Løysing
Funksjon A høyrer saman med derivert 3. Funksjon B høyrer saman med derivert 1. Funksjon C høyrer saman med derivert 2.
2.3.26
Ein vakker sommardag i Røros vart temperaturen mellom kl. 9.00 og 19.00 i °C gitt ved
R(x)=-0,23x2+2x+13
Samtidig vart temperaturen i °C i Kristiansand gitt ved
Kx=-0,42x2+3,2x+17
For begge uttrykka gjeld at x er talet på timar etter kl. 9.00.
a) Teikn grafane til R og K i det same koordinatsystemet for tidsrommet frå kl. 9.00 til kl. 19.00.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og kommandoen "Funksjon (<Funksjon>, <Start>, <Slutt>)". Vi set inn funksjonsuttrykka med start 0 og slutt 10.
b) Kva er den momentane vekstfarten til temperaturen i Kristiansand kl. 11.00 denne formiddagen?
Løysing
Vi bruker GeoGebra, skriv (2,K(2)) inn i algebrafeltet og får punktet. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinja. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=1,52, som viser at den momentane vekstfarten når x=2 er lik 1,52. Det betyr at kl. 11.00 den formiddagen steig temperaturen i Kristiansand med 1,52 grader celsius per time.
c) Bestem temperaturstiginga kl. 18.00 i Røros.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi skriv (9,R(9)) inn i algebrafeltet og får punktet. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinja. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a1=-2,14, som viser at den momentane vekstfarten når x=9 er lik -2,14. Det betyr at kl. 18.00 den ettermiddagen sokk temperaturen i Røros med 2,1 grader celsius per time.
d) Finn R'6ogK'6, og forklar kva svaret betyr i praksis.
Løysing
Vi bruker GeoGebra og skriv funksjonsuttrykket inn i algebrafeltet. Vi skriv (6,K(6)) og (6,R(6)) inn i algebrafeltet og får punkta. Vi bruker kommandoen "Tangent (<Punkt>,<Funksjon>)" og får tangentlinjene. Vi bruker kommandoen "Stiging (<Linje>)" og får a=-1,84 og a=-0,76, som viser at den momentane vekstfarten i temperatur kl. 15.00 på dagen er -1,8 for Kristiansand og -0,8 for Røros. Vi ser at temperaturfallet er høgare i Kristiansand enn i Røros på det tidspunktet. Det betyr at kl. 15.00 den dagen sokk temperaturen i Kristiansand med 1,8 grader celsius per time, mens temperaturen i Røros sokk med 0,8 grader celsius per time på det same tidspunktet.