Hopp til innhald

Fagstoff

Pakking, lasttrygging og merking

Når du skal pakke, trygge og merkje lasten, må du gjere det etter regelverket og på ein slik måte at mottakaren ikkje kjem i fare.

Lasttryggingsutstyr

Lasttryggingsutstyr kan vere jekkestroppar, fibernetting, kjetting, puter, pallar og mykje anna. Lasttryggingsutstyr blir brukt til å trygge lasten. Alle typar lasttryggingsutstyr skal vere godkjent og merkt riktig. Når lasten er trygga, skal han merkjast riktig for transport.

Beste praksis for pakking og trygging

Til ettertanke

  • Korleis kan du vite kor stor brotstyrke jekkestroppen har?

  • Korleis skal du sjekke jekkestroppen før bruk?

  • Kva er avstempling?

  • Korleis skal du pakke ein konteinar som har fleire nivå?

  • Kva skal liggje i botnen av ein basket (open konteinar)?

  • Når bruker vi barrierenett?

  • Korleis utfører vi ei U-surring i ein basket?


Utvendig trygging og merking før transport

Til ettertanke

  • Korleis tryggar vi konteinardørene?

  • Korleis merkjer vi konteinaren?

  • Korleis tryggar vi ein basket (open konteinar)?

  • Kvifor skal basketen dekkjast til i toppen?

  • Korleis merkjer vi basketen?

  • Olf har skifta namn, kva er det nye namnet?

  • Korleis skal du merkje ein konteinar som inneheld farleg gods?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Kontroll, pakking og trygging av gods