Transporten frå land til offshore
Offshore er det behov for mat, drikke, arbeidstøy, papir, dopapir, sengeklede, golvmatter, røyr, boreutstyr, brønnutstyr, måling, verktøy, kjemikaliar og mykje anna. Når vi sender kjemikaliar, gass, radioaktive kjelder og eksplosiv offshore, skal det merkast som farleg gods.
Eit transportselskap hentar vara hos leverandøren og køyrer ho til forsyningsbasen. Vara blir lasta ut av bilen og inn i eit forsyningsskip. Deretter går vegen på sjøen ut til installasjonen offshore. Lasta blir løfta frå skipet til installasjonen og blir pakka ut. Innpakking, søppel og restar blir pakka etter dei same reglane og blir sende tilbake til fastlandet.
Transporten på vegane skal vere i samsvar med dei følgjande lovene og den følgjande forskrifta:
I læretida og når du jobbar offshore, er du ein del av forsyningskjeda. Du skal pakke utstyr som skal offshore, og utstyr som skal tilbake på land.
Det er viktig å sikre lasta godt inni konteinaren med riktig og godkjent tryggingsutstyr. Konteinaren skal òg sjekkast for skadar og godkjenningsstatus. Kontroll av lastberar og pakking og trygging av lasta skal vere i samsvar med 116 Anbefalte retningslinjer for pakking, sikring og transport av last, og dessuten brukerkontroll av lastebærere (offshorenorge.no).