Hopp til innhald
Film og filmklipp

Pakking og sikring av last (erfaringsoverføring)

Riktig pakking og sikring av last skal hindre skade på utstyret (lasta) og på personane som skal sende og ta imot utstyret.

I denne filmen ser vi nokre hendingar som er rapporterte. Slike hendingar prøver vi å unngå ved å utarbeide prosedyrar og å drive med erfaringsoverføring.

Dei vanlegaste årsakene til uønskte hendingar er

  • feil plassering

  • feil eller dårleg sikring

  • lause gjenstandar

  • overlast

  • feil med konteinar

  • feil med løfteutstyr

Ikkje la feila gjenta seg, det kan føre til alvorlege skadar.

Sjå Samarbeid for Sikkerhet sin film om sikker bruk av lastberarar på YouTube.

Til ettertanke

  • Kvar skal dei tunge delane plasserast i ein konteinar?

  • Kven er ansvarlege for riktig lasting og sikring?

  • Korleis skal den ansvarlege stadfeste at sikringa er riktig utført?

  • Korleis skal ein konteinar med to dører opnast?

Avviksrapportering

Alle hendingar og nesten-hendingar skal rapporterast som . Rapportane blir brukte til å sjå nærare på regelverk, prosedyrar og uvanar. Målet er at vi skal få nye reglar, prosedyrar og vanar som gjer at slike hendingar ikkje gjentek seg.

Gjennom alle tiltaka og reglane byggjer vi ein sterk som skal verne oss mot skade. Barrieren skal vi lære meir om gjennom teori og øvingar.


Kjelde:
Samarbeid for sikkerhet (samarbeidforsikkerhet.no)